Vestfjella (tysk Kraulberge) er ei fjellkjede og nunatakar som strekkjer seg om lag 110 km nordaustover frå Veststraumen vest i Dronning Maud Land. Dei vart oppdaga av Den tredje tyske antarktisekspedisjonen (1938–1939), leia av kaptein Alfred Ritscher, og kalla opp etter kaptein Otto Kraul, is-los på ekspedisjonen. På norsk nyttar ein Kraulfjella om den nordlege delen av Vestfjella.

Vestfjella
fjellkjede
Land  Antarktis
Stad Dronning Maud Land
 - koordinatar 73°20′S 14°10′W / 73.333°S 14.167°W / -73.333; -14.167
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Vestfjella
73°20′00″S 14°10′00″W / 73.333333333333°S 14.166666666667°W / -73.333333333333; -14.166666666667
Vestfjella is located in Antarktis
Vestfjella (Antarktis)

Den svenske forskingsstasjonen Wasa og den finske forskningsstasjonen Aboa ligg 150 meter frå kvarandre på nunataken Basen i Vestfjella.

Kjelder

endre

  Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Kraul Mountains» (innhald frå Geographic Names Information System).