Vestfossen Kunstlaboratorium

Vestfossen Kunstlaboratorium er eit norsk senter for framvising av internasjonal samtidskunst, og har tilhald i den nedlagde Vestfos CellulosefabrikVestfossen. Kunstlaboratoriet er skipa av kunstnaren Morten Viskum, og opna dørene for publikum i 2003. Det vart seinare organisert som ei stifting med Morten Viskum som dagleg leiar, og med løyvingar til drifta frå Øvre Eiker kommune, Buskerud fylkeskommune og Kulturdepartementet.

Vestfossen Kunstlaboratorium har tilhald i den tidlegare Vestfos Cellulosefabrik

Utstillingane er avgrensa til sommartida, frå mai til oktober kvart år, men det vert teke sikte på å få til heilårsdrift i heile eller deler av bygningen. Hovudbygningen hyser hovudutstillinga for sesongen, som fyller fire etasjar. To unike separate utstillingar vert arrangert i dei to lokala med namna Galleri Star og Utstillingshallen.

Papir- og cellulosefabrikken som Vestfossen Kunstlaboratorium har tilhald i, vart sett i drift i 1886, og nedlagd i 1973 som fylgje av strukturrasjonaliseringa som på 1970-talet gjekk føre seg i denne typen industri. Fabrikkbygningen stod deretter tom fram til Morten Viskum kjøpte eigedomen i 2001. Lokala har ein unik, røff karakter som gjer Vestfossen Kunstlaboratorium til ein av dei mest eigna framsyningsstadene for samtidskunst i Noreg. Her har det vore utstillingar med verk av mellom anna Roy Lichtenstein, Louis Bourgeois, Robert Rauchenberg, Donald Judd, Anselm Kiefer, Claus Oldenburg, Cindy Sherman og Andress Serrano.

Bakgrunnsstoff endre