Vestlandspanel, eller liggjande supanel, er ei gammal form for liggjande bordkleding, kjend heilt frå mellomalderen, tradisjonelt utført med telja (tilhogde) furubord.

Vestlandspanel på Sinjarheim i Aurlandsdalen

Ordet supanel kjem frå norrønt sýja – ’sy’; jernnaglane som festar panelet vert kalla ’saum’. Panelet vart eit kjennemerke for byggjeskikken på Vestlandet. Panelet vart festa til ei 2”-3” tjukk utlekting, slik at det vart svært god lufting bak panelet; slik vart det høveleg i eit fuktig og verhardt klima.

Vestlandspanel bør om mogleg setjast med margsida ut, på god utlekting, minst 1 tomme. Dei nedste borda, som er mest utsette for regn og vass-sprut, bør vere av god kvalitet, det vil seie tettvaksne bord med mykje kjerneved. Øvst på veggen bør det vere utlufting for luftrommet bak kledinga.

Kjelder endre