Aurlandsdalen
60°52′27″N 7°23′23″E / 60.87417°N 7.38972°E
Aurlandsdalen er eit 40 km langt dalføre som ligg i Aurland kommune i Sogn og Fjordane fylke. Dalen er med den dramatiske fjellnaturen eit naturskjønt turområde som blir vitja av mange fjellvandrarar kvart år. Nedst i dalen går E16 gjennom den lengste vegtunnelen i verda. Utbygginga av Aurlandselva og vasskraftressursane i dalen blei vedtekne i 1969. Utbygginga som fylgde på 1970-talet førte til mindre vassføring i elva, endra naturtilhøve, kraftige protestar og ein av de første store debattane om naturvern i Noreg.
Sommaren 1819 reiste målaren Johannes Flintoe saman med Gerhard Munthe, som då arbeidde med eit nytt kart over Noreg, og Munthes fetter Peder Pavels Aabel gjennom Aurlandsdalen.[1][2] Skisser til dei kjente bileta frå Aurlandsdalen, mellom anna Fra Bjønnstigvarden, vart til på denne turene som markerer starten på den kunstneriske oppdaginga av det norske høgfjellet.
Geografisk plassering
endreAurlandsdalen ligg i indre Sogn og er kring 40 km lang (Geiteryggen-Vassbygdi), Ein av dei mest kjende turistløypene følgjer dalføret frå Geiteryggen rett innanfor grensa i Hol kommune nord-vestover til Aurlandsvangen nede ved Aurlandsfjorden i Sogn. Dalen smalnar av til ein trong, dramatisk vestlandsdal i sameint med ein frodig og artsrik natur og rike kulturminne i form av gamle gardar og stølar. Artsrikdommen skuldast både mineralrik jord danna av fyllitt i berggrunnen og kulturpåverknad gjennom mange hundre år.
Elva som renn gjennom dalen heiter øvst Stemberdøla og i nedre del Aurlandselvi. Turistruta som går gjennom er kjend for den varierte og dramatisk vakre naturen sin. Aurland - Hol er det kortaste sambandet mellom vestland og Austland. Frå gamalt av har dalen derfor vore ei viktig sambandsline for handelsferder og fedriftar gjennom og langsetter dalen og over dei kringliggjande fjellpartia.
Åtkomst
endreAurlandsdalen kan nåast anten frå Aurlandsvangen eller frå Vierbotn ved Geiteryggen. Tilkomst til Aurlandsvangen med snøggbåt frå Bergen eller via E16. Tilkomst til Geiteryggen via Rv50 frå Hol i Hallingdal. Til fots er der DNT-merka ruter Finse - Geiteryggen, Storestølen-Geiteryggen, Raggsteindalen (ved Strandavatnet) - Geiteryggen eller ruta Lungsdalen - Stemberdalen. Ei anna rute går frå Hallingskeid gjennom Såtedalen, langs nordvestsida av Omnsvatnet og vidare over Bakkahelleren langs Geiteryggvatnet til Geiteryggen. Den opphavlege stikkinga av Bergensbanen var lagt om Geiteryggen. Om desse planane var blitt realiserte, ville jernbanen følgd denne traseen til Hallingskeid.
Topografi
endreNedover dalføret frå det opne høgfjellslandskapet ved Geiteryggen (1232 moh.) blir landskapet gradvis meir kupert. I Stemberdalen, ca. 1100 moh. (Steinbergdalen, Stemmerdalen, Stodmerrdalen) er dalføret vidt og ope med slake fjellsider, med vierkledde sletter i dalbotnen. Elva vida seg tidlegare ut i breie slyng som ein kunne ro med båt (no oppdemde med tersklar). Frå Stemberdalen smalnar dalføret med brattare fjellsider.
-
2001. Høgfjellslandskap ved Geiteryggen. Utsikt over Geiteryggvatnet vestover mot Bakkahelleren og Såtedalen.
Foto: Frode Inge Helland
-
2001. Sommerklopp over Rossdøla mellom Geiteryggen og Stemberdalen. Bolhovd i Bakgrunnen.
Foto: Frode Inge Helland
-
2001. Drifteskard i retning Storebotn øvst i Stemberdalen.
Foto: Frode Inge Helland
-
1960. Utsyn mot Storebotn. Riksvegen følgjer i dag elva på vestsida (høgre side)
Foto: Frode Inge Helland
-
2001. Aurdalen sett frå Grønestølskleivane. I Aurdalen vidar dalen seg ut.
Foto: Frode Inge Helland
-
1961. Vetlehelvete. Open jettegryte nedanfor Bjødnastigen.
Foto: Frode Inge Helland
-
Dalbotnen under Sinjarheim er uframkommeleg. Ein kan krysse elva nede ved Almen og gå over til Teigen og krysse elva igjen via Bridlebrui.
Foto: Frode Inge Helland
På Østerbø (Øvstebø, Aurdalen), ca. 900 moh., vider dalen seg ut igjen med skoggrensa eit lite stykke opp i dalsidene. Elva vider seg ut til eit vatn, Aurdalsvatnet, som no er regulert. Frå Østerbø skjer dalen seg brattare og smalare nedover. Fjellsidene reiser seg brattare frå dalbotnen. Elva har her grave djupe slukter og vender her sørover for så ved Heimrebø å vende nordover igjen, før ho igjen tek den opphavlege retninga si nordvestover. Herifrå følgjer elva eit djupt utgrave gjel der dalbotnen er uframkommeleg. Ved den fråflytta plassen Almen er dalen delvis farbar langs elva. Dalføret vider seg herfrå gradvis ut til det møter Midjedalen i Vassbygdi. Herifrå er dalbotnen relativt flat og fjellsidene bratte ned til Aurlandsvangen, men avskorne av Vassbygdvatnet.
Historie
endreKraftutbyggjing og endring
endreAurlandsvassdraget, som skulle gje ein årsproduksjon på kring 2 mrd. kW-timar, blei utbygt på 70-talet etter eit svært omstridd vedtak i Stortinget i 1969. Bak utbygginga stod Oslo Lysverker. Reguleringa skulle bli ein demonstrasjon på korleis ei kraftutbygging kunne gjerast. Men dei store vassfalla har stilna. Dei biotopane som kontinuerleg blei overrisla av fosserøyken er blitt sterkt reduserte. Nede i dei djupe elvkløftene renn det lite vatn. Tersklar skulle sørgje for at der var vasspegel i vassdraga, men dette er svært fjernt frå det buldrande infernoet som tidlegare fylte elvegjela.
Aurlandselvi reknast ikkje lenger som ei av Noregs beste lakseelvar. Ein treffer ikkje lenger driftene med storfe, geiter og grisar som skulle vere sommaren på Østerbø og Stemberdalen. Kløvhestane, det faste trekket i landskapsbiletet, som Jon Fimreite og Knut Sønnerheim m.fl. førte proviant til Steinbergdalshytta og Østerbø med, er også historie. Aurlandsdalen er blitt som dei fleste andre dalføre, prega av gjennomfart og fritid. Berre strekninga Nesbø - Vassbygdi er rimeleg upåverka, når ein ser bort frå den sterkt reduserte vassføringa i Aurlandselvi og riksvegstykket mellom Berdalstunnelen og Nesbøtunnelen som er synleg frå stigen ved Heimrebø.
Aurlandsdalen før og no
endre-
1961. Geiteryggen. sett nordaust mot Geiteryggvatnet og Bakkahelleren.
Foto: Frode Inge Helland
-
2001. Geiteryggen 40 år seinare slik han framstår i dag.
Foto: Frode Inge Helland
-
1961. Utsikt mot Stemmerdalen.
Foto: Frode Inge Helland
-
2001. Utsikt mot Stemmerdalen.
Foto: Frode Inge Helland
-
1961. Steinbergdalshytta blei reist av Den norske turistforening i 1895 og drive heilt fram til 1960 der det unge paret Jon og Signe Fimreite frå Aurland overtok og dreiv staden til ut på 90-talet. Dei bygde opp verksemda til det ho er i dag.
Foto: Frode Inge Helland
-
2001. Steinbergdalshytta. Den opphavlege hytta er inkorporert i anlegget og verandaen innebygd i stovene. Hytta kan ein sjå til venstre i biletet ved flaggstonga.
Foto: Frode Inge Helland
-
1960. Interiør frå peisestova i den gamle Steinbergdalshytta slik det var uendra sidan 1895 då hytta blei oppført. Døra fører inn til den eine av dei to soveromma.
Foto: Frode Inge Helland
-
2001. Den gamle spisestova i ny utgåve.
Foto: Frode Inge Helland
-
1961. Øyestøylane. Før utbyggjinga følgde turistløypa den gamle kløvvegen langs austbredda av Øyestølsvatnet (964 moh.)
Foto: Frode Inge Helland
-
1978. Øyestøylane med anleggsverksemd. Dei to støylhusa kan ein enno sjå og den gamle kløvstigen der turistruta tidlegare gjekk, kan skimtast langsmed bekken.
Foto: Frode Inge Helland
-
1961. Mot Grøna. Den gamle stigen kan skimtast i åsen stigande opp for å krysse elva Grøa ovanfor fossefallet. Dagens turistrute fell her saman med den gamle kløvvegen via Grønneseter (no fritidhus) og ned lia til Aurdalen.
Foto: Frode Inge Helland
-
Ca. 1900. De to bruka på Øvstebø i Aurdalen blei turisthytter på byrjinga av 1900-talet. Det nærmaste av de to husa (t.h.) eksisterer enno, innbygde i den noverande Østebø turisthytte. Huset tente som peisestove til fram på 1970-talet. I dag er huset ominnreidde til overnatting, og den gamle peisen er enno intakt på eitt av soveromma.
-
1961. Dei to turisthyttene på Østerbø, Østerbø Turisthytte (t. v.) og Østerbø fjellstove (t.h.). Det litle huset midt på biletet er det opphavlege huset frå biletet ytst til venstre og tente til ut på 1970-talet som peisestove i Østerbø turisthytte.
Foto: Frode Inge Helland
-
2001. Østerbø turisthytte. Det gamle hovudhuset frå biletet heilt til venstre kjenn ein att på pipa.
Foto: Frode Inge Helland
Heilårsveg
endreFor å få gjennomført kraftutbygginga måtte det byggjast veg gjennom dalen. Vegen skulle tene som ferjefri heilårsveg mellom Austland og Vestland, hovudsakleg etter den gamle ruta Aurland - Hol. Bergen skulle få stamveg til Oslo over Voss, Vinje, Nærøydalen, Aurland og opp Aurlandsdalen til Geiteryggen. Derfrå gjennom Vierbotn, Sveingardbotn og langs Strandafjorden til Hol i Hallingdal. Ein unngjekk dermed ferjestrekket Kvanndal - Kinsarvik over Hardangerfjorden og den usikre Hardangervidda som var vanskeleg å halde vinteropen. Jamvel om vegen fekk rimeleg breidde, blei tunnelane mellom Vassbygdi og Stonndal ikkje av den naudsynte standarden.
I november 2000 blei den nye Lærdalstunnelen mellom Aurland og Lærdal opna i det som blei den nye stamvegen mellom Oslo og Bergen. Aurlandsdalen unngjekk dermed en ytterlegare belastning. Men dermed fall også eitt av dei tunge argumenta for det omstridde utbyggjingsvedtaket av 1969 bort.
Ferdselsvegar
endreRuta mellom Aurlandsvangen og Hol var den aller kortaste vegen mellom Austland og Vestland. Aurlandsdalen var derfor frå svært gammalt av ein av de viktigaste sambanda mellom Vestlandet og Austlandet. Først i den seinare tida blei det mogleg å føre fedrifter langs sjølve dalføret, ved utsprenginga av Sinjarheimsgaldene i 1870 og Nesbøgaldene på 1930-talet. Før den tid var det berre mogleg for folk å ferdast langsetter sjølve dalføret. Fram til 1930-åra måtte fedrifter ta omvegen over fjellet frå Nesbø til Østerbø. Både Sinjarheimsgalden og Nesbøgaldene hadde trestigar for å kunne forsere dei loddrette fjellveggane.
-
Byrjinga av 1900-talet. Nesbøgalden.
Foto: H. Tønsberg:
-
Nesbøgalden utsprengd i klippeveggen over Nesbøvatnet.
Foto: Frode Inge Helland
-
2001. Nesbøgalden i retning Østerbø. 1960.
Foto: Frode Inge Helland
-
Utsikt frå Bjødnastigen. Den nedre stigen som følgjer elvelaupet og her tek av forbi Vetlehelvetet, kan sjåast tydelege nedanunder. 2007.
Foto: Frode Inge Helland
-
2001. 2001. Bridlebrui. Brua over Aurlandselvi som leier forbi Teigen til Stonndalen.
Foto: Frode Inge Helland
-
2001. Sinjarheimsgalden. Personen i skuggen av busken i forgrunnen seier noko om dimensjonane.
Foto: Frode Inge Helland
-
1961. Sinjarheimsgalden. Den utsprengde stigen øvst til venstre. Stigen har fleire gonger blitt øydelagt av ras.
Foto: Frode Inge Helland
-
2001. Sinjarheimsgalden.
Foto: Frode Inge Helland
Før 1870 måtte fedriftene ta den lange omvegen, anten over Langfjellet og ned til Østerbø eller over Stonndalen til Stemberdalen, Alternativt over Låvidalen til Geiteryggen. Derfrå gjekk ferda ned til Vierbotn via Sveingardsbotn og vidare langs Strandafjorden til Hol i Hallingdal.
De viktigaste rutene var (sjå kartet – nummeringa seier ingenting om kor viktig):
- (Raud markering):Turistvegen følgjer sjølve dalen. Bjødnastigen var i mange år stengd på grunn av ras. No er det mogleg å velje alternativ til ruta langs elva under Holmen der stigen deler seg ved Tirtesva like forbi Nesbø (Raudt). Etter at kraftubyggjinga, reguleringa av vassdraga og helårsvegen blei bygd på 70-talet er stigen lagd oppe i fjellsida frå Steinbergdalshytta til ein igjen støter på den gamle stigen ved brua over Grøna. Deretter følgjer den det gamle faret ned bjørkelia til Østerbø.
- (Ikkje innteikna på kartet): Ei rute følgde Aurlandsvangen, Kleppane, Låvi, Låvisdalen, over Grindsfjellet, forbi Bottolfstølen og Raunedokken, over Repparhaugane, gjennom Vetledalen til Rausmesdalen, vidare til Hednedalen tilbake på driftevegen frå Vindedalen, deretter austover til Geiteryggen langs Strandafjorden til Hol.
- (Orange markering): I Rausnesdalen var der vegskiljet til ein annan mykje brukt veg som tok opp til Fossane, Langevatnet, Mellomvatni, Svartevatnet, Geiteryggen til Strandefjorden.
- (Violett markering): Eit anna vegskilje var nedarst i Låvisberget der vegen gjekk til Vassbygdi og vidare til Midje, opp Nordalen for så å dreie austover og vidare søraustover over Langafonna, Grodalen og ned Langedalen forbi Herdestølen til Østerbø.
- (Grå markering): Ei anna rute gjekk opp det stupbratte (sjå kart) Eisingaberget, for å unngå Sinjarheimsgalden som fekk utsprengd stig først i 1870. Før den tid var her ikkje framkommeleg med fedrift. Ved å velje vegen forbi Eisingane (stølar)og vidare over Langedalsfjellet sparte ein seg for både Sinjarheimsgalden, Bjønnestigen og Nesbøgalden.
- (Grøn markering): Dei som valde å følgje dalen, måtte krysse elva ved Almen og gå på sørsida forbi Teigen og så attende til nordsida ved Bridlebrui (grøn).
- (blågrøn markering): Endå ein annan veg gjekk over Stonndalen der det blei bygt kløvveg igjennom Stonndalsgjelet på austsida av dalen, sannsynlegvis omkring den tida då ein gjekk over frå beite og støl til gardsdrift i 1743. Driftene blei førte vidare opp på Klovehalsen forbi Berdalsbotn og Holene til Stemberdalen. Denne ruta blei sannsynlegvis først teke i bruk på midten av 1800-talet.
Busetjing
endreSå seint som i år 1850 var det til saman 10 gardsbruk og husmannsplassar i Aurlandsdalen:
Almen, Sinjareim, Teigen, Berekvam, Skori, Nesbø, Vikaneset, Aurviki og to gardsbruk i Aurdalen (Østerbø). Buplassane er truleg mykje eldre enn dei skrivne kjeldene kan tyde på – nokon kanskje attende til før mellomalderen.
I dag kan ein sjå fjellgardane i Aurlandsdalen som einsame gardar. Men dei låg langs den kortaste ruta mellom det indre Vestlandet og Austlandet, så dei låg langs ein svært trafikkert ferdselsveg.
Første kjente brukar er Per i 1611. Siste brukar er Ingebrigt Jonassen Rinde f. 1873 – d. 1935.
-
1961. Garden Sinjarheim. Allereie på midten av 1800-talet var garden i forfall. Han blei fråflytta i byrjinga av 1900-talet og blei sommardriven fram til 1940-talet. Knut Sønnerheim (fødd 1913 - død 1976) som dreiv Østerbø turishytte i ein mannsalder, er fødd på garden og budde der dei første leveåra sine .
Foto: Frode Inge Helland
-
1960. Sinjarheim låg på kanten av eit stup ned i dalbotnen der det i heile si breidd gjekk ei frådande elv. Det var derfor vanleg å sikre barna med tjor. Trea i bakgrunnen til venstre er på den andre sida av dalen. Fjellet i bakgrunnen på midten er Eisingaberget der ein førte driftene over før Sinjarheimsgalden vart utsprengd og farbar for fedrifter i 1870.
Foto: Frode Inge Helland
-
2001. Dei gamle husa er sett i stand kring 1980-talet med friviljug dugnad, og er no sikra for mange år.
Foto: Frode Inge Helland
-
2001.Kårstova på Sinjarheim er måla på friviljug dugnad.
Foto: Frode Inge Helland
Almen
Plass under Sinjarheim. Den første kjende brukaren er Magne Sult, også nemnd som Magne Olsen Almen, f. 1718 – d. 1753. Siste brukaren busett på Almen er Simon Johannessen Belle f 1830 - d. 1912. Plassen er i dag samansett av eit lite hovudhus, Almastova og ein liten låvebygning.
Almastova er ein liten eitt-roms laftet bygning på om lag 3,5 x 4,0 m i grunnplan. Det seiest at Almastova er den eldste ståande trebygningen i Aurlandsdalen. I følgje Arne Berg ved NIKU tyder utforminga av novene på at bygningen kan vere sett opp på 1600-talet Huset har tidlegare hatt tregolv. Ved sida av døra er der utvendig murt pipe.
I 2004 fekk Aurlandsdalen kulturlandskap v/Aurland naturverkstad 42 000 kroner av Norsk Kulturminnefond til istandsetting av Almastova.
-
2001. Almen. Stigen ned frå Sijarheimsgalden går imellom Almastova og låven på Almen. Låven er godt synleg. Taket på Almastova kan skimtast under ein stor stein.
Foto: Frode Inge Helland
-
2001. Her er Almastova godt synleg under steinen som vernar mot steinsprang og ras.
Foto: Frode Inge Helland
-
2001. Almastova er ikkje stor, berre eitt rom, og vitnar om den farefulle nøysemnda menneska for nokre mannsaldrar sidan freista i denne dalen.
Foto: Frode Inge Helland
-
2001. Almastova. I bakgrunnen, i det ljose fjellpartiet, kan vi skimte Sinjarheimsgalden. Sinjarheim ligg akkurat utanfor høgre biletekant der Veiverdalsfossen skimtast i bakgrunnen.
Foto: Frode Inge Helland
Teigen
Første kjende brukar er Peder Ellingsen Teigen f. 1632 - d. 1661. Siste kjende brukar som budde på Teigen er Mikkel Ellingsen Sønnerheim, f. 1843 - d. 1901.
-
2001. Stigen til Stonndalen kryssar Aurlandselvi via Bridlebrui og passerer tett innpå Teigen.
Foto: Frode Inge Helland
-
2001. Teigen, sett frå stigen til Sinjarheim, ovanfor Bridlebrui.
Foto: Frode Inge Helland
Berekvam
Første kjende brukar er Gudbrand som skatta av Teigen i 1603. Siste kjende brukar som budde på Teigen er Øystein Olsen Berekvam, f. 1901.
Skori
Holmen
-
Holmen gard, fraflytta. Sett frå stigen til Bjødnastigen.
Foto: Frode Inge Helland
Nesbø Første kjende brukar er Anders Nesbø, nemnd i dokument av 1670. Siste kjende brukar som budde på Nesbø er Sivert Nesbø f. 1888, (emigrerte til Amerika i 1909).
-
1961. Nesbø. Driftene måtte før 1930-talet ta vegen opp Gravadalen til høgre for garden og over fjellet til Østerbø for å unngå Nesbøgalden.
Foto: Frode Inge Helland
-
1960. Det gamle stabburet på Nesbø.
Foto: Frode Inge Helland
-
2001. Nesbø tilpassa til fritidsbustad.
Foto: Frode Inge Helland
-
2001. Nesbø slik ein møter staden når ein kjem nordfrå.
Foto: Frode Inge Helland
-
Nesbø sett frå litt overfor Tirtesva. Nesbøgalden synleg i fjellveggen bak garden.
Foto: Frode Inge Helland
Vikaneset
Urdviki (Aureviki)
Første kjende brukar er Elling, nemnd i dokument frå 1718. Siste kjende brukar som budde i Urdviki er Sjur Eriksen Urdvik f. 1829 - død (?).
-
1961. Etter Urdviki blei fraflytta blei ho nytta som geitestøl til ut på 1970-talet. Då vegen blei ført fram til Østebø blei Urdviki bygd om til fritidsbustad.
Foto: Frode Inge Helland
-
1960. Geiter på Urdviki.
Foto: Frode Inge Helland
-
2001. Urdviki tener i dag som fritidsbustad.
Foto: Frode Inge Helland
Øvstebø (Østerbø)
Første kjende brukaren er Nils Urdal (Aurdal) som betalte landskatt i 1632. D. 1638. Siste kjende brukar som budde på Østerbø er Knut Mikkelsen Østerbø f. 1846 - d. 1914.
-
Østerbø sett frå riksveg288.
Foto: Frode Inge Helland
-
2005. Gravstad oppretta 1859 fordi det var umogleg å få frakta dei døde til kyrkjegarden på Aurlandsvangen. Her ligg 27 menneske gravlagde.
Foto: Frode Inge Helland
-
Minnetavle over døde som er gravlagde på Østerbø. Av datoane kan vi sjå at Spanskesjuka også herja på avsidesliggjande stader som her. Fleire av namna peikar austover mot Hol og Ål.
Foto: Frode Inge Helland
Folketal
endreFolketalet i 1845 var på 2811 innbyggjarar. Ei sterk utflytting til Amerika og til byane, særleg på 1900-talet gjorde at i 1960 var folketalet kome ned i 2193. I dag (2004) er folketalet 1803 innbyggjarar. Minneplata på gravstaden på Østerbø syner at mange døydde under spanskesjuka.
Bibliografi
endre- Aurland, utgjeve av Aurland sogelag. Serien har følgjande delar:
- 1. Aurland bygdebok, fram til om lag 1920, ved Anders Ohnstad. Bergen boktrykk 1964.
- 2. Ættebok for Aurland fram til om lag 1900, ved Anna Gjerløw og Anders Ohnstad. Bergen boktrykk 1964.
- 3. Aurland bygdebok, fra 1835 til 1985 (revidert og oppdatert utgåve), ved Anders Ohnstad. Griegs boktrykkeri 1990. ISBN 82-992261-0-4.
- 3:Tillegg. Glimt frå Aurlandssoga : samling av artiklar frå Aurland, ved Anders Ohnstad, 1991, ISBN 82-90451-31-8
- 3:Tillegg 2. Glimt frå Aurlandssoga : samling av artiklar frå Aurland : 2, ved Anders J. Ohnstad, 1997, ISBN 82-992261-2-0
- Gardssoga for Aurland, Vassbygdi og fjellgardane frå 1988. Anders Onstad. Utgiver: Aurland sogelag. Voss Prenteverk.
- Den norske turistforenings årbok 1927. Grøndahl & søns boktrykkeri 1927.
- Aurlandsdalen, ei kulturhistorisk vandring frå fjell til fjære. Tron Bach,Johannes Gjerdåker, Cappelens turhåndbøker 1994. ISBN 82-02-14675-5
Referansar
endre- ↑ Messel, Nils (2008): Oppdagelsen av fjellet. Oslo: Nasjonalmuseet.
- ↑ NRK Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane Kunstnarane i Kroken, lese 8.juli 2012.