Vestre Jakobselv
Vestre Jakobselv (nordsamisk Ánnejohka, finsk Annijoki) er ein tettstad i Vadsø kommune i Finnmark. Det er vanleg å kalle staden berre Jakobselv i daglegtale. Staden ligg ved Varangerfjorden, ca 17 km vestom Vadsø by. E75 går gjennom staden. Lakselva Jakobselv renn ut i fjorden her. Staden har barne- og ungdomsskule, samfunnshus, symjehall, golfbane, fotballbane og ljosløype. Idrettslaget Polarstjernen held til i Vestre Jakobselv.
Vestre Jakobselv | |||
tettstad | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Finnmark | ||
Kommune | Vadsø | ||
Areal | 0,75 km² | ||
Folketal | 537 (2017) | ||
Folketettleik | 716 / km² | ||
Postnummer | 9802 Vestre Jakobselv | ||
Preposisjon | i Vestre Jakobselv | ||
![]() Vestre Jakobselv |
Folk frå Vestre JakobselvEndra
- Arne Pedersen (f. 1949), leiar i Norges Kystfiskarlag, sidan 2012[1]
KjelderEndra
- Kart frå SSB over tettstadgrenser i Finnmark.Denne geografiartikkelen som har med Finnmark å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
- ↑ Arne Pedersen ny leder. kystogfjord.no. Vitja 22. mai 2020