Stromboli er ei lita vulkansk øy i Tyrrenhavet, utanfor kysten av Sicilia. Ho inneheld ein av tre aktive vulkanar i Italia. Øya høyrer til øygruppa Dei eoliske øyane, ein vukanboge nord for Sicilia. Namnet på øya er ei forvrenging av det opphavlege greske namnet Στρογγύλη (Stroggúli), som ho fekk på grunn av den runde, svulmande forma. Øya har i dag mellom 400 og 750 innbyggjarar.

Stromboli
fjell
Land  Italia
Fjelltype Stratovulkan
Høgd 924 moh.
Areal 12,6 km²
Folketal 450 (1. januar 2001)
Siste utbrot 27. februar 2007
Lettast tilkomst Til fots
Koordinatar 38°47′20″N 15°12′47″E / 38.789°N 15.213°E / 38.789; 15.213
Kart
Stromboli
38°48′14″N 15°13′24″E / 38.804°N 15.2233°E / 38.804; 15.2233
Wikimedia Commons: Stromboli
Sciara del fuoco

Stromboli er 924 meter på det høgaste, men stig faktisk over 2 000 meter frå djuphavsbotn. Det er tre aktive krater på toppen. Eit geologisk kjennemerke til vulkanen er Sciara del Fuoco («Eldstraumen»), som er ein stor hesteskoforma søkk som er skapt av fleire kollapsar dei siste 13 000 åra på nordvestsida av kjegla.

Vulkanen er uvanleg på grunn av den lange tida han nesten kontinuerleg har hatt utbrot. Dei siste 2000 åra har vulkanen hatt det same utbrotsmønsteret, der ein har eksplosjonar på toppen med små til moderate utbrot av glødande vulkanske bomber med intervall frå minutt til timar. Dette karakteristiske stromboliske utbrotet, som det vert kalla, vert òg observert hos andre vulkanar andre stader i verda. Utbrot frå kratera på toppen varer vanlegvis berre nokre sekund med små utbrot av oske, glødande lavafragment og steinar opp til eit par hundre meter opp i lufta. Stromboli sine utbrot er nesten berre eksplosive, men ein har hatt tilfelle med lavastraum. Eit slikt tilfelle hadde ein i 2002 for første gong på 17 år, og i februar 2007.

Stromboli og Dei eoliske øyane.

Stundom får vulkanen derimot mykje større utbrot. Det største utbrotet dei siste hundre åra skjedde i 1930 og resulterte i tap av fleire menneskeliv og bygningar på grunn av fallande vulkanske bomber. Større utbrot skjer med mellomrom på år til tiår, og det siste store utbrotet oppstod i 2002, noko som førte til at øya vart stengd for alle bortsett frå dei fastbuande i fleire månader. Utbrotet starta med lavastraumar (29. desember 2002) langs Sciara del Fuoco-sida som raskt nådde sjøen. 30. desember 2002 kollapsa stein frå Sciara del Fuoco og førte til to jordskred og fleire tsunamiar. Den høgaste bølgja var 10 meter høg og førte til store øydeleggingar i landsbyen Stromboli. 5. april 2003 førte ein kraftig eksplosjon frå krateret på toppen til at stein vart kasta heilt til landsbyen Ginostra og øydela fleire hus. Utbrotet enda i juli 2003.

27. februar 2007 opna to nye krater på øya med lavastraumar ut i sjøen frå eitt av dei.[1]

Utbrot på Stromboli sett frå båt

Kjelder endre

Fotnotar

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Stromboli
  Reiseguide for Stromboli frå Wikivoyage