Veum stavkyrkje

tidlegare stavkyrkje i Fyresdal kommune

59°17′31″N 8°6′49″E / 59.29194°N 8.11361°E / 59.29194; 8.11361

Bevarte portalplankar frå Veum stavkyrkje
Foto: Kulturhistorisk museum

Veum stavkyrkje var ei stavkyrkje på Veum i Fyresdal kommune i Telemark som vart riven omkring 1727, då ho vart avløyst av ei ny kyrkje. Stavkyrkja stod på den gamle kyrkjestaden ved Kyrkjegardsekra ved Veum sørigard (gnr./bnr. 85/1), eit par kilometer nordaust for dagens kyrkje. Kyrkja frå 1727 stod på same staden som stavkyrkja, medan dagens kyrkje (vigsla i 1863) står lengre mot sørvest.

Kyrkja er omtala i 1483[1] og elles hos Jens Nilssøn.[2] Ho er skildra som ei stavkyrkje i ein synfaringsrapport frå 1668, der det går fram at kyrkja er i dårleg stand.[3] Frå stavkyrkja er det teke vare på eit par portalplankar. Lorentz Dietrichson seier om dei: «Da imidlertid udskjæringene er meget bedre end de i den til 1370 daterede Tuddals kirke, maa Veum antages at være ikke lidet ældre end denne.» Lite synest elles å vere kjent om korleis kyrkja såg ut. Forutan portalplankane er det teke vare på eit krusifiks og ein altarkalk frå stavkyrkja.


Kjelder endre

  1. Diplomatarium Norvegicum: Oldbreve til Kundskab om Norges indre og ydre Forhold, Sprog, Slægter, Sæder, Lovgivning og Rettergang i Middelalderen. 1: Første halvdel. Christiania: P. T. Mallings Forlagshandel. 1876. 
  2. Jens Nilssøn (1981). Yngvar Nielsen, red. Biskop Jens Nilssøns visitatsbøger og reiseoptegnelser 1574–1597 (2. utg.). Carl Zakariasson. s. 381, 383. 
  3. Dietrichson (1892), s. 414–415.
Bibliografi

Bakgrunnsstoff endre