Vickers Wellington

Vickers Wellington var eit britisk tomotors mellomstort bombefly produsert av Vickers-Armstrong, og var ein sjølvberande skalkonstruksjon (geodetisk).

Vickers Wellington
Planteikningar av Wellington
Trass omfattande skadar etter tysk antiluftskyts, toktet vart gjennomført og flyet vende trygt tibake til basen i England

Utvikling endre

Etter at prototypen flaug første gong i juni 1936, la Luftfartsministeriet inn ein ordre på 180 fly. Denne ordren var til ein annan spesifikasjon enn prototypen, og det vart difor gjort ein del forandringar. Prototypen har eigenleg berre nawmnet til felles med flya som kom etter den. Den første Wellington som vart produsert etter nye spesifikasjonar, Mk I, flaug fyrste gong i desember 1937.

Operativ nytte endre

Levering av flyene til RAF-skvadronar byrja i 1939, og allereie 4. september 1939 deltok 14 Wellington-fly i det første britiske bombeangrepet på tyske krigsskip i Wilhelmshaven. På grunn av eit politisk vedtak, som ikkje vart heva før mars 1940, var angrepa avgrensa til sjømål. I trua på at flyet sin kraftige bestykning, og det å fly i tette formasjonar ville verna flya mot tyske forsvararar, heldt fram Wellington å fly dagangrep fram til 18. desember 1940. Då vart ein formasjon på 24 fly angripe frå sidan, der Wellington hadde liten ilddekning. 10 fly vart skote ned, og tre kraftig skadd. Etter dette deltok flyet berre i nattangrep.

På det meste var Wellington i bruk i 21 skvadronar i RAF Bomber Command.

Òg RAF Coastal Command brukte Wellington. Millom anna vart nokon fly utstyrt med ein spole rundt flyskroget for å utløysa tyske magnetiske miner.

Det vart tildelt eitt Victoria Cross til Wellington-mannskap. Etter eit bombeangrep mot Münster vart flyet til sersjant James Ward, angripe av eit tysk fly. Det vart skutt hol i ein drivstofftank, noko som antende drivstoff like ved styrbord motor. Ward klatra ut på vingen og kvelte flammen med ein lerretsduk.

Høydebombing endre

I 1940 byrja ein testar med fly utstyrd med trykkabin. Det var tenkt at desse skulle nå ei høgd på 40 000 fot, høgare enn antiluftskyts og tyske jagarfly kune nå, samstundes som ein kunne fly over dårleg vêr. Disse fekk nemninga Mk V og Mk VI, men kom aldri i operativ teneste, anna enn ein skvadron som dreiv utprøving av bombesiktesystemet Oboe.

Versjonar endre

  • Mk I: Bristol Pegasus XVIII-motorar på 1050 hk. Mk IA hadde Fraser-Nash kanontårn med to maskingevær føre og bak, og ein opptrekksbart tårn under flyet. Mk IC hadde ikkje eit tårn under flyet, men eit maskingevær i flukt med skroget (beam gun).
  • Mk II:Rolls-Royce Merlin X vasskjølte motorar på 1145 hk. Elles som IC.
  • Mk III:Bristol Hercules III/XI-motorar på 1200 hk. Som Mk IC, men med større halerorflate og fire maskingevær i kanontårna.
  • Mk IV: Pratt & Whitney R-1830-S3C4G-motorar på 1200 hk. Elles som Mk IC.
  • Mk V: Bristol Hercules VIII-motorar med kompressorar. Eksperimentell modell for høydebombing, 3 fly bygd.
  • Mk VI: Rolls-Royce Merlin 60/62-motorar med vannavkjøling og totrinns kompressorar. Elles som Mk V. Få bygd, ingen inn i vanleg skvadronteneste.
  • Mk VIII: Bristol Pegasus XVIII-motorar. Ein ombygd versjon av Mk IC til bruk som rekognoseringsfly for Coastal Command. Tilpassa for last med synkeminer, miner eller torpedoar.
  • Mk X: Bristol Hercules VI/XVI-motorar. Elles som Mk III.
  • Mk XI: Bristol Hercules VI/XVI-motorar. For rekognosering og slepp av torpedoar. Kapasitet: 2050 kg., i form av synkeminer, miner eller torpedoar.
  • Mk XII: Bristol Hercules VI. Rekognoseringsversjon, men med bombekapasitet, 2313 kg. Seks .303 maskingevær.
  • Mk XIII: Bristol Hercules XVII-motorar. Rekognosering/bombing (2270 kg.)
  • Mk XIV: Bristol Hercules XVII. Rekognosering/bombing. Seks .303 maskinggevær, fire i haletårn, to på sida av skroget.
  • Mk XV og XVI: Transportversjonar.
  • Mk XVII: Bristol Hercules VI. Treningsversjon.
  • Mk XVIII: Bristol Hercules XVII. Treningsversjon.

Kjelder endre

  • Aircraft of the Royal Air Force since 1918 (Thetford, 1979)3
  • Jane's All the Worlds Aircraft 1945