Victor Moritz Goldschmidt
Victor Moritz Goldschmidt (27. januar 1888–20. mars 1947) var ein norsk mineralog, petrograf og geokjemikar som var fødd i Zürich. Han var son av H.J. Goldschmidt. I lag med Vladimir Vernadskij vert han rekna som grunnleggjaren av faget geokjemi.
Victor Moritz Goldschmidt | |||
Ein ung Victor Goldschmidt | |||
Fødd | 27. januar 1888 Zürich i Sveits | ||
---|---|---|---|
Død | 20. mars 1947 (59 år) Oslo i Noreg | ||
Nasjonalitet | Noreg | ||
Område | Geokjemi | ||
Yrke | kjemikar, professor, geolog, mineralog | ||
Institusjonar | Universitetet i Oslo | ||
Alma mater | Universitetet i Oslo | ||
Doktorgradsrettleiar | Waldemar C. Brøgger | ||
Doktorgradsstudentar | Brian Harold Mason | ||
Kjend for | Geokjemi | ||
Medlem | Royal Society Deutsche Akademie der Naturforscher Leopoldina Det sovjetiske vitskapsakademiet Kungliga Vetenskapsakademien Accademia Nazionale dei Lincei Det kongelege ingeniørvitskapsakademiet Det russiske vitskapsakademiet Det austerrikske vitskapsakademiet |
Han var professor i krystallografi, mineralogi og petrografi ved Universitetet i Oslo i 1914.
I 1911 kom det store arbeidet Die Kontaktmetamorphose im Kristianiagebiet, som var doktoravhandlinga hans. Dette gjorde han med eitt slag kjent. Seinare følgde mellom anna Geologisch-petrographische Studien im Hochgebirge des südlichen Norwegens (5 bd., 1912–21). Hovudarbeidet til Goldschmidt er Geochemische Verteilungsgesetze der Elemente (9 bd., utgjeve av Vitskaps-Akademiet i Oslo 1923–38), eit av dei viktigaste storverka innan norsk vitskap. Med arbeidet sitt grunnla Goldschmidt den moderne geokjemien.
Han vart 1929 kalla som professor til Göttingen, men slutta her i 1935 og flytta tilbake til Oslo, som professor i mineralogi og geologi ved Universitetet. Han arbeidde med utnyttinga av norske råstoff og var formann i Statens råstoffkomité.
Som jøde fekk Goldschmidt under andre verdskrigen store vanskar. Han sat ei stund arrestert, kom seinare via Sverige over til Storbritannia, der han arbeidde med oppdrag for den norske og den britiske regjeringa. Han kom attende til Noreg i juni 1946. Eit stort verk, Geochemistry, vart ikkje ferdig før han døydde, men vart redigert i England og utgjeve posthumt (1954).
Fjellrekkja Goldschmidtfjella i Oscar II Land på Spitsbergen er kalla opp etter han.[1]
Kjelder
endre- Moritz Goldschmidt. (15. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014.
- ↑ «Goldschmidtfjella (Svalbard)». Norsk polarinstitutt. Henta 27. mars 2013.