Vladimir Vernadskij
russisk/sovjetisk mineralog og geokjemikar
Vladimir Ivanovitsj Vernadskij (12. mars 1863–6. januar 1945) var ein russisk (sovjetisk) mineralog og geokjemikar.
Han var professor ved universitetet i Moskva 1890–1911. Han grunnla det biogeokjemiske laboratoriet ved Vitskapsakademiet i Leningrad, som han òg leia i åra 1928–45. Han vert rekna som ein av grunnleggjarane av dei geokjemiske og biogeokjemiske vitskapane.
Ideane hans om noosfæren var eit viktig bidrag til russisk kosmisme. Han arbeidde òg i Ukraina under den russiske borgarkrigen, der han grunnla Det ukrainske vitskapsakademiet. I 1943 fekk han Stalinprisen.
Kjelder
endre- Vladimir Ivanovitsj Vernadskij. (15. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014.