Opna hovudmenyen

Victoria av Sachsen-Coburg-Saalfeld

Prinsesse Victoria av Sachsen-Coburg-Saalfeld (fødd 17. august 1786 i Coburg, Tyskland, død 16. mars 1861 i Frogmore House, Windsor) var mor til dronning Victoria av Storbritannia.

Victoria av Sachsen-Coburg-Saalfeld
Victoria of Saxe-Coburg-Saalfeld - Rothwell 1832.jpg
Fødd 17. august 1786
Coburg
Død

16. mars 1861
Windsor Castle

Yrke politikar
Victoria av Sachsen-Coburg-Saalfeld på Commons

Den tyskfødde prinsessa blei fødd i 1786 som dotter av hertug Franz av Sachsen-Coburg-Saalfeld og Auguste von Reuss zu Ebersdorf. Da ho var 17 år gammal, den 21. desember 1803, gifta ho seg med fyrst Emich Karl von Leiningen, men han døydde allereie i 1814.

Frå dette ekteskapet hadde ho borna:

  • Karl Friedrich Wilhelm, fyrste av Leiningen (1804-1856)
  • Anna Feodora Auguste av Leiningen (1807-1872), seinare fyrstinne Feodora von Hohenlohe-Langenburg

Fleire år seinare (11. juli 1818) gifta ho seg i Kew Palace (Surrey) med Edward August av Hannover, hertugen av Kent, ein yngre son av kong Georg III av Storbritannia. I dette ekteskapet fekk ho dottera Alexandrine Victoria, den seinare dronninga av Storbritannia og Irland og keisarinna av India.