Vidar Riseth

norsk fotballspelar

Vidar Riseth (fødd 21. april 1972) er ein norsk tidlegare fotballspelar frå Frosta i Nord-Trøndelag. Han spelte for ni ulike fotballag i både Noreg, England, Skottland, Austerrike og Tyskland. Mellom 1997 og 2007 spelte han 52 landskampar for Noreg og skåra fire mål. Riseth kunne både vere midtspiss, midtbanespelar og forsvarsspelar.

Vidar Riseth


Statsborgarskap Noreg
Fødd 21. april 1972 (52 år)
Frosta
Idrett fotball
Tok del i

VM i fotball 1998, EM i fotball 2000

Utmerkingar

Kniksenprisen for årets forsvarsspiller

Karriere endre

Klubbspel endre

Riseth debuterte for Neset Fotballklubb i 1989. Sesongane 1992 og -93 var han i Rosenborg-stallen, men då han ikkje klarde å sple seg inn på fyrstelaget, melde han i 1994 overgang til Kongsvinger IL. Her hadde suksess som spiss, før ferda gjekk vidare i 1996, til ei kortvarig opphald i engelske Luton. Hausten 1996 fekk han kontrakt med LASK Linz i Austerrike, der han spelte to sesongar. To sesongar 1998-2000 spelte han i skotske Celtic FC, der han markerte seg som ein røff forsvarsspelar. Sommaren 2000 vart Riseth overført til 1860 München. Etter tre år i Tyskland vart han henta tilbake til Rosenborg i 2003, nesten ti år etter han reiste derifrå. I Trondheims-klubben fekk han si lengste periode med eit klubblag, han spelte 103 kampar på knapt fire år. Utover i 2007-sesongen sleit han med å kome på laget, og fekk gå til Lillestrøm Sportsklubb. Når han i 2009 også vart til overs i Lillestrøm, spelte han nokre få kampar for Strømsgodset. Fotballferda enda for Riseth i Kongsvinger i 2010, der han fekk heller lite speletid.

Landslagsspel endre

Riseth debuterte for det norske landslaget i ein vennskapskamp mot Colombia hausten 1997. Han deltok i alle dei norske kampane under VM i fotball 1998 i Frankrike, og ein av kampane under EM i fotball 2000. Fram til november 1997 spelte han totalt 52 landskampar. Han skåra to landslagsmål i 1998 og to i 2004.

Kjelder endre