Celtic Football Club er ein fotballklubb i Glasgow i Skottland, stifta i 1887. Klubben, som spelar i Scottish Premier League, har vunne 44 seriemeisterskap, det siste i 2013. Celtic har 35 gongar sigra i den skotske cupen og 14 gongar gått til topps i den skotske ligacupen.

Lagoppstillingane i Europacup-finalen 1967

Celtic vann Europacupen i 1967, som det fyrste fotballaget frå Storbritannia. Alle spelarane på vinnarlaget var fødd innanfor ein radius på under 50 kilometer frå Celtic Park i Glasgow. Klubben er såleis den eine av to klubber som har vunne ei europeisk klubbturnering der alle spelarane var frå heimlandet til klubben. Laget frå 1967 har i ettertid vorte kalla Lisbon Lions («Løvene frå Lisboa»), ettersom finalen mot Inter fann stad i Lisboa. Tre år seinare, i 1970, nådde Celtic finalen i Europacupen på ny. Både då og i 2003, då Celtic spela UEFA-cupfinale, vart det tap for Glasgow-klubben.

Laget spelar heimekampane på Celtic Park. Celtic har gjennom fotballhistoria hatt sin store rival i Rangers FC, ein annan fotballklubb frå Glasgow. Kampane mellom dei to laga vert omtala som Old Firm.

SpelarstallEndra

Endra 15. august 2020[1]

Note: Flagga viser til landslaget som spelaren kan spela for, som definert av FIFA sine reglar. Spelarane kan ha fleire nasjonalitetar i annan forstand.

Nr. Posisjon Spelar
1   MV Vasilis Barkas
2   F Christopher Jullien
3   F Greg Taylor
6   M Nir Bitton
8   M Scott Brown (lagkaptein)
9   A Leigh Griffiths
10   A Albian Ajeti
11   A Patryk Klimala
12   M Ismaila Soro
17   M Ryan Christie
18   M Tom Rogic
19   M Mikey Johnston
21   M Olivier Ntcham
Nr. Posisjon Spelar
22   A Odsonne Édouard
23   F Boli Bolingoli
27   M Mohamed Elyounoussi (utlån frå Southampton)
28   M Luca Connell
29   MV Scott Bain
30   F Jeremie Frimpong
35   F Kristoffer Ajer
42   M Callum McGregor (visekaptein)
44   F Hatem Abd Elhamed
49   M James Forrest
52   M Ewan Henderson
56   F Anthony Ralston
65   MV Conor Hazard

KjelderEndra

  1. «First team». Celtic FC. Henta 15. august 2020.