Videoteknologi

Videoteknologi er teknologien som ligg til grunn for opptak, redigering, overføring og framsyning av video. For analog video er dette analog elektronikk, analog signalhandsaming og kommunikasjonsteknologi, medan det for digital video er digital elektronikk, digital signalhandsaming og digital kommunikasjonsteknologi.

Eit analogt videosignal.

Analog videoteknologiEndra

Analoge videosignal vert representerte i form av analoge signal. Fleire ulike format har vore nytta. Dei vanlegaste formata er NTSC, PAL og SECAM. Landbasert kringkasting av videosignal (fjernsyn) nytta ulike former for modulasjon for å plassera radiosignalet i tildelt frekvensområde (fjernsynskanal). PAL og NTSC nyttar kvadratur amplitudemodulasjon og SECAM nyttar frekvensmodulasjon for videosignalet [1] [2]. Lydsignalet vert FM-modulert (PAL og NTSC) eller AM-modulert (SECAM). Kringkasting av analoge videosignal over satellitt (satellittfjernsyn) nytta FM-modulasjon av videosignalet[3].

HD-MAC var eit europeisk analogt høgdefinisjonsformat som berre i lita utstrekning vart sett i drift før det vart forbigått av digital videoteknologi. HD-MAC var eit hybrid system som nytta analog koding av videoinformasjonen og digital koding av lydinformasjonen.

Digital videoteknologiEndra

Digitale videosignal vert representerte i form av binære ord. For å redusera datamengda vert signalet komprimert, slik at ein treng mindre lagringsplass og mindre overføringskapasitet. Det finst fleire ulike kompimeringsalgoritmer. Nokre av dei vanlegaste er dei ulike MPEG-algotitmene [4].

Ved overføring av digital video har ein større moglegheit for å tilpassa modulasjonen til kanalen enn for analog video. Ved overføring via kabel har ein som oftast eit stort signal-til-støy-tilhøve og det vert nytta digital kvadratur amplitudemodulasjon (QAM). For kringkasting via satellitt er signal-til-støy-tilhøvet mykje mindre og det vert nytta kvadratur fasemodulasjon (QPSK), som er meir robust mot støy enn QAM. For landbasert kringkasting er multibaneinterferens eit problem, så det vert nytta COFDM. Strauming av digital video over pakkesvitsja nett er ein distribusjonsmetode som aukar i omfang.

ReferansarEndra

  1. Pim, D.N., Television and teletext, McMillian, 1988.
  2. van Wesel, R., Video handbook, 2. utg., William Heinemann, 1987.
  3. Wilson, F.A., An introduction to satellite television, Bernard Babani, 1986.
  4. Benoit, H., Digital televison, Arnold, 1997.

Sjå ògEndra