Vignemale (oksitansk: Vinhamala) er det høgaste fjellet i Dei franske Pyreneane med ei høgd på 3 298 meter. Det høgaste fjellet i heile fjellkjeda er Pic Aneto.

Vignemale
fjell
Land  Frankrike,  Spania
Høgd 3 298 moh.
Førstestiging 2. august 1792
Koordinatar 42°46′36″N 0°8′35″W / 42.77667°N 0.14306°W / 42.77667; -0.14306
Kart
Vignemale
42°46′26″N 0°08′51″W / 42.773888888889°N 0.1475°W / 42.773888888889; -0.1475
Wikimedia Commons: Vignemale

Vignemale er namnet på fjellmassivet, som òg strekkjer seg inn i Spania. Det består av fleire fjelltoppar, der dei største er Grande Vignemale eller Pique Longue (3 298 m), Pointe Chausenque (3 204m) og Petit Vignemale (3 032 m). På Vignemale ligg òg den største isbreen i Pyreneane, Ossoue, som er vanleg å krysse på veg til toppen av fjellet.

Nordveggen på fjellet er bratt og vanskeleg å klatre.

Grev Henry Russell, ein eksentrikar frå viktoriatida, hadde ein livslang lidenskap for fjellet.


360° utsyn frå toppen