Vignola

kommune i Italia

Vignola er ein by og ein kommune i provinsen Modena i regionen Emilia-Romagna i Italia. Kommunen har 25 000 ibuarar og dekker ei flatevidd på 22,7 km². Byen ligg ved elva Panaro, 25 kilometer sør-sørvest for provinshovudstaden Modena og 125 meter over havet.

Vignola-borga

Byen Vignola skal ha voks fram kring ei borg som vart bygt på staden i 1826. Gjennom hundreåra rådde fyrstar frå ulike fyrsteslekter over byen, sist hertugdømmet Modena frå 1814 til Italias samling.

Kjelder

endre