Vijay Bhatt
Vijay Bhatt (fødd Vrajlal Jagneshwar Bhatt; 12. mai 1907–17. oktober 1993) var ein indisk produsent, direktør og manusforfattar innan hindispråkleg film. Han stod bak filmar som Ram Rajya (1943), Baiju Bawra (1952), Goonj Uthi Shehnai (1959) og Himalaya Ki Gud Mein (1965).
Vijay Bhatt | |||
| |||
Fødd | 12. mai 1907 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Palitana | ||
Død | 17. oktober 1993 (86 år) | ||
Dødsstad | Mumbai | ||
Verka som | filmprodusent, manusforfattar, filmregissør | ||
Born | Pravin Bhatt | ||
Prisar | Filmfare Award for Best Film |
Bhatt grunnla filmproduksjonsselskapet Prakash Pictures og Prakash Studios i Andheri East i Mumbai, som produserte 64 spelefilmar.[1] Bhatt var ein av dei grunnleggjande medlemmene av Film and TV Producers Guild of India.[2]
Liv og virke
endreBakgrunn
endreVijay Jagneshwar Bhatt blei fødd 12. mai 1907, i heimen til Benkunwar Bhatt og Jagneshwer Bhatt, som var jernbanevakt ved Palitana i Bhavnagar distrikt i Gujarat.[3]
Han flytta til Bombay i tjueåra, i lag med den eldre broren, Shankarbhai Bhatt, som hadde ein jobb der og etterkvart blei produsent. Vijay blei elev ved St. Xavier's College, der han studerte naturfag. Han tok seinare diplom i Electrical Lighting and Traction gjennom eit korrespondansekurs frå London.[4]
Karriere
endreEtter å ha oppnådd elektrikardiplom, byrja Bhatt å arbeida Bombay Electric Supply & Tramways Company Limited (BEST), der han heldt fram til han blei Drawing Office Superintendent.[3] Sjølv om han hadde skrive nokre manus for gujarati-teater, blei eit møte med Ardeshir Irani eit vendepunkt i karrieren hans. Irani, som seinare produserte den fyrste indiske filmen med tale, Alam Ara, og også dreiv Royal Film Company-studioet, introduserte Bhatt til eigaren av studioet, Abu.
Husain likte eit av manusa hans, og dette gav Bhatt innpass i den indiske filmindustrien som manusforfattar, for filmen Vidhi Ka Vidhan, regissert av K P Bhave. Irani produserte to til av manusa hans, Pani Mein Aag og Ghulam (1929) [3] Han produserte til slutt sin fyrste stumfilm, Delhi Ka Chhela i 1929, og gjekk vidare til å regissert fleire filmar på hindi, gujarati og marathi.
Filmen hans Ram Rajya frå 1942 var ein stor suksess, og blei også kjend i nyheitene då han blei vist til Mahatma Gandhi i 1942.[5][6] I 1947 tok han filmen med seg til USA, der han blei vist for fyrste gong på Museum of Modern Art i New York den 5. mai 1947. Etterpå møtte Bhatt den kjende Hollywood-regissøren Cecil B. DeMille.[7]
Filmen Baiju Bawra (1952), som var basert på den historiske konflikten mellom stormogul Akbar sin hoffmusikar Tansen og den talentfulle songaren Baiju Bawr, blei vist i hundre veker i Bombay, og blei ein diamantjubileumhitt. Han etablerte òg karrieren til hovudrolleskodespelarane Meena Kumari og Bharat Bhushan.[8]
Meena Kumari, som vann sin fyrste Filmfare Best Actress-pris for filmen, blei lansert av Vijay Bhatt i filmen Leatherface i 1939, som barneskodespelaren «Baby Meena». Dette namnet blei verande med henne resten av karrieren.[9]
Privatliv
endreVijay Bhatt var gift med Rama Bhatt, og dei fekk to søner, Arun Bhatt og Pravin Bhatt. Eldstesonen Arun blei filmregissør innan gujarati- og hindispråkleg film. Han var produsent og regissør for gujarati-filmar som Mota Gharni Vahu, PaarkiThaapan og Lohi Ni Sagaai. Yngstesonen Pravin er ein filmfotograf i hindifilm (Masoom, Umrao Jaan), og sonen hans att, Vikram Bhatt, er ein kjend filmregissør (Ghulam, Raaz).[3][10] Sonen til Arun Bhatt, Chirantan Bhatt, er musikkregissør i Bollywood og Tollywood, og har produsert spor som BOSS, Gabbar Is Back, Haunted 3D og 1920 Evil Returns, EMI og Mission Istanbul.[11]
Filmografi
endreSom regissør
- Khwab Ki Duniya aka Dreamland (1937)
- State Express (1938)
- Leatherface aka Farzande Watan (1939)
- Narsi Bhagat (1940)
- Ek Hi Bhool (1940)
- Bharat Milap (1942)
- Ram Rajya (1943)
- Vikramaditya (1945)
- Samaj Ko Badal Dalo (1947)
- Rambaan (1948)
- Baiju Bawra (1952)
- Shri Chaitanya Mahaprabhu (1954)
- Ramayan (1954)
- Patrani (1956)
- Goonj Uthi Shehnai (1959)
- Angulimaal (1960)
- Hariyali Aur Raasta (1962)
- Himalaya Ki God Mein (1965)
- Ram Rajya (1967)
- Banphool (1971)
- Hira Aur Patthar (1977)
Prisar
endre- 1966: Filmfare Best Movie Award: Himalaya Ki Gud Mein (1965) [12]
Kjelder
endre- ↑ «About Founder Members». Arkivert frå originalen 30 March 2015. Henta 6 July 2008.
- ↑ Founders, filmtvguildindia.org; vitja 30. juli 2017. Arkivert 6. oktober 2008 ved Wayback Machine.
- ↑ 3,0 3,1 3,2 3,3 «Romancing The Reel». Tehelka. Arkivert frå originalen 4. desember 2014. Henta 10. februar 2013.
- ↑ «Vijay Bhatt - The Beginning - Founding of Prakash Pictures.», www.vijaybhatt.net, henta 12. februar 2024
- ↑ Gandhi Arkivert 20 July 2008 ved Wayback Machine. passionforcinema.com.
- ↑ Freek L. Bakker (2009). The Challenge of the Silver Screen: An Analysis of the Cinematic Portraits of Jesus, Rama, Buddha and Muhammad. BRILL. s. 91. ISBN 978-9004168619.
- ↑ Bhatt's official website/Honours, vijaybhatt.net; accessed 30 July 2017.
- ↑ Everyone adores a good love story, The Times of India, 20 November 2004.
- ↑ Meena Kumari Profile Arkivert 29 August 2008 ved Wayback Machine.
- ↑ Bhatt naturally The Times of India, 13 May 2006
- ↑ Arun Bhatt ved The Internet Movie Database (IMDb)
- ↑ IMDb
- Denne artikkelen bygger på «Vijay Bhatt» frå Wikipedia på engelsk, den 11. februar 2024.