Vikeså skule
Vikeså skule er ein 1.-10.-skule i Bjerkreim kommune.
Vikeså skule | |||
Org.nummer | 974623528 | ||
---|---|---|---|
Kommune | Bjerkreim kommune | ||
Vikeså skule 58°38′18″N 6°05′34″E / 58.63844°N 6.092869°E |
Skulen har rett over 300 elever, og er den einaste ungdomsskulen i kommunen. På barnetrinnet har skulen som regel ein parallell per trinn, medan ungdomssteget har to parallellar.
Vikeså skule arbeider ut frå visjonen:
- Me vil vera med å gje elevane
- røter og vinger
- slik at dei blir i stand til å meistra livet.
Visjonen skal gjennomsyra organisasjonen og arbeidet ein gjer for å sørga for at elevane skal klare seg på ein god måte i livet etter grunnskulen.
Skulen har derfor over lang tid satsa tungt på klasseleiing. Utviklingsarbeid innen strukturell, relasjonell, digital og fagleg klasseleiing har prega arbeidsmiljøet dei siste 10 åra. Kollektive ferdigheiter styrer rammene for skulekvardagen, og gjer eit heilhetlig system for elevar og føresette å forhalda seg til. Skulen har eit tett samarbeid med andre aktører, sist gjennom Desentralisert ordning frå UDIR der skulen har eit samarbeid med UiS om kunnskapsløftet 2020 med fokus på programmering i ulike fag. Tidlegare har ein bl.a. samarbeidd med UDIR i prosjekta ungdomstrinn i utvikling, og bedre læringsmiljø. Systematisk arbeid med satsningsområdet har vist att på gode resultat på trivselsundersøkingar som f.eks. «ung data».
Bakgrunnsstoff
endre- Vikeså skule ved bjerkreim.kommune.no
- Desentralisert ordning fra UDIR Arkivert 2020-10-20 ved Wayback Machine.
- Kunnskapsløftet 2020
- Bjerkreim Ung data.