Vikesoksa er eit fjell på grensa mellom kommunane Molde i vest og Sunndal i aust, i Møre og Romsdal. Det har ei høgd på 1809 meter over havet og er det 452. høgaste fjellet i landet av fjella med primærfaktor på minst 50 meter. Fjellet reiser seg bratt opp frå Eikesdalsvatnet på vestsida. På andre sida ligg det opp for enden på Øksendalen. Toppen kan nåast frå nord utan store vanskar.

Vikesoksa
fjell
Land  Noreg
Område Molde, Sunndal
(Møre og Romsdal)
Høgd 1 809 moh.
Primærfaktor 870 m
Kart
Vikesoksa
62°34′37″N 8°12′59″E / 62.576944444444°N 8.2163888888889°E / 62.576944444444; 8.2163888888889

Sjå òg

endre