Vikingfjord
Vikingfjord er eit norsk vodkamerke som vart lansert i Noreg på 1980-talet av Vinmonopolet. Vikingfjord har ein vassklår let, og har ein nøytral aroma.
Vikingfjord | |||
Foto: Jarvin | |||
Skipa | 1980 (1996) | ||
---|---|---|---|
Eigar | Arcus AS | ||
Land | Noreg | ||
Produkt | Vodka | ||
Nettstad | http://www.arcus.no |
Design
endrePolet ynskja å få til eit norsk alternativ til alle dei utanlandske vodkaane. Han vart likevel ikkje ein suksess før Arcus tok over merkevaren i 1996. Produktet fekk eit nytt design og ei ny oppskrift. Flaskedesignet skal gjeva assosiasjonar til reint norsk vatn frå isbredar. Og flaska har slått an, ho har vunne i gull i Mobius Design Award.[1] Ho har òg motteke utmerkinga Merket for god design som vart delt ut av Norsk Designråd.
Bredevatn
endreVikingfjord er truleg den einaste vodkaen som vert tilsett vatn frå ein isbrede når han skal blandast ned til rett alkoholinnhald. Spriten, som vert laga av jordeple frå området rundt Mjøsa, har eit alkoholinnhald på omtrent 96 %, før det vert tilsett smeltevatn frå Briksdalsbreen, som er ein arm av Jostedalsbreen, Noreg sin største isbrede. Smeltevatnet renn naturleg ned ei kjelde, der det vert henta, og dernest tilsett i spriten.
Lansering internasjonalt
endreVikingfjord vart i 2001 lansert i Sverige og Tyskland. Litt seinare vart han òg lansert i USA. Vikingfjord vart kåra til årets vodkaprodusent i 2016 av The International Wine and Sprit Competition (IWSC).[2]
Produkt
endre- Vikingfjord Vodka (50%)
- Vikingfjord (37,5%)
- Vikingfjord Ice Shot (20%)
- Pure
- Rasberry
- Blueberry
- Ice Mixer Peach
- Cactus Blossom & Lime
- Vikingfjord Vodka Cocktails (12,5%)
- Vikingfjord Vodka Cocktails Mojito
- Vikingfjord Vodka Cocktails Raspberry Mojito
Kjelder
endre- ↑ Redaksjonen (23. februar 2001), «Amerikansk designpris til Vikingfjord», Aperitif.no (på norsk), henta 19. oktober 2022
- ↑ IWSC (2016). «The guide to the world's best wines and spirits» (PDF): 31.
- Denne artikkelen bygger på «Vikingfjord» frå Wikipedia på bokmål, den 19. oktober 2022.