Viktor Hartmann
Viktor Aleksandrovitsj Hartmann (5. mai 1834–4. august 1873) var ein russisk arkitekt og målar. Han var knytt til den såkalla Abramtsevokolonien som på 1870- og 1880-talet hadde ei nasjonal orientering og var påverka av russisk folkekunst og av den bysantinske tradisjonen i Russland.
Viktor Hartmann | |
Verkeleg namn | Виктор Александрович Гартман |
Statsborgarskap | Det russiske imperiet |
Fødd | 23. april 1834 St. Petersburg |
Død | |
Yrke | kunstmålar, arkitekt, bilethoggar, scenograf, designar |
Viktor Hartmann på Commons |
Liv og gjerning
endreHartmann vart foreldrelaus i ung alder og voks opp i St. Petersburg hos ein onkel, ein i samtida kjend arkitekt. Han studerte ved det keisarlege kunstakademiet i St. Petersburg, og starta arbeidslivet som illustratør.
Ved sidan av kunstnaraktiviteten arbeidde han også som arkitekt. Mellom anna laga han skisser til Russlands 1 000-års monument i Novgorod, eit monument som vart avduka i 1862. Størstedelen av dei akvarellane og blyantteikningane han laga, vart til på utanlandsferder i åra mellom 1864 og 1868. Hartmann og Ivan Ropet skal ha vore dei fyrste kunstnarane som brukte tradisjonelle russiske motiv i arbeida sine.
Etter at Vladimir Stasov hadde introdusert Hartmann i krinsen rundt Milij Balakirev i 1870, vart han ein nær venn av komponisten Modest Musorgskij. Nokre månader etter Hartmann døydde, i februar og mars 1874, vart det halde ei utstilling med meir enn 400 av bileta hans i kunstakademiet i St. Petersburg. Utstillinga inspirerte Musorgskij til å komponere pianosuita Bilete på ei utstilling. Dei fleste arbeida frå denne utstillinga er i dag gått tapt.
Hartmann var fødd i St. Petersburg og døydde av aneurisme i Kirijevo ved Moskva.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Viktor Hartmann» frå Wikipedia på engelsk, den 14. november 2009.