Viktor Mikhailovitsj Tsjernov (7. desember 187315. april 1952) var ein russisk politisk leiar og ein av grunnleggjarane av det Sosialist-Revolusjonære partiet (SR). Han vart rekna som den fremste teoretikaren i partiet.

Viktor Tsjernov
Chernov.jpg
Verkeleg namn Виктор Михайлович Чернов
Fødd 25. november 1873
Kamysjin
Død

15. april 1952
New York by

Yrke politikar, skribent, journalist
Viktor Tsjernov på Commons

Han vart fødd i Novouzensk, ein by søraust for Saratov, der han gjekk gymnaset. På slutten av 1880-talet vart han med i revolusjonær aktivitet. Medan han studerte juss i Moskva vart han narodnik, og som mange andre vart han arrestert, fengsla og måtte fare frå landet. Han levde i Sveits, og slutta seg der til det Sosialist-Revolusjonære partiet i 1902. Han vart redaktør av partiorganet Det revolusjonære Russland. Han vende attende til Ryssland etter den russiske revolusjonen i 1905, og vart leiar for SR-fraksjonen i den andre dumaen.

I Alexander Kerenskij si provisoriske regjering i 1917 vart Tsjernov landbruksminister. Han var òg den siste presidenten for den grunnlovgivande forsamlinga til ho vart oppløyst 6. januar 1918. Etter det vart han med i den anti-bolsjevikiske regjeringa i Samara, før han flykta til Europa og sidan til USA, der han døydde i 1952.

KjelderEndra

Den engelskspråklege wikipediaen, artikkelen Viktor Chernov, som igjen mellom anna byggjer på