Opna hovudmenyen

Vilhelmina Helena Pauline Marie av Oranien-Nassau (fødd 31. august 1880 i Den Haag, død 28. november 1962 i Apeldoorn) var prinsesse av Nederlanda (1880-1890, 1948-1962), prinsesse av Oranien-Nassau, hertuginne av Limburg (1890-1948), hertuginne av Mecklenburg (1901-1962), dronning av Nederland frå 1890 til 1948, og dronningmor frå 1948 til ho døydde i 1962 med tittelen prinsesse Vilhelmina av Nederland. Vilhelmina var nederlandsk regent i 58 år, lenger enn nokon annan i historia til landet. Prinsesse Vilhelmina var einaste barn av kong Vilhelm III og den andre kona hans, Emma av Waldeck-Pyrmont.

Wilhelmina
Wilhelmina1898.jpg
Nederlandsk dronning
Regjeringstid23. november 1890-30. april 19481890-1948]]
Fødd31. august 1880
FødestadPaleis Noordeinde i Haag
Død28. november 1962
DødsstadHet Loo i Nederland
GravstadNieuwe Kerk
FøregangarVilhelm III av Nederland
EtterfølgjarJuliana av Nederland
Gift medHenrik av Mecklenburg-Schwerin
DynastiHuset Oranien-Nassau
FarVilhelm III av Nederland
MorEmma av Waldeck-Pyrmont
BornJuliana av Nederland

Perioden hennar som statsoverhovud såg fleire avgjerande periodar i historia til landet, første verdskrigen og andre verdskrigen, depresjonen på 1930-talet og tilbakegangen til Nederland som kolonimakt. Utanfor Nederland er ho mest kjent for rolla si som monark i eksil under andre verdskrigen, der ho var ein stor inspirasjon for dei okkuperte innbyggjarane i landet.

BarndomEndra

Vilhelmina, som i dei første vekene av livet vart kalla Paulientje (vesle Pauline), hadde tre eldre halvbrør frå det første ekteskapet til faren med Sophie av Württemberg: Willem (1840-1879), Maurits (1843-1850) og Alexander (1851-1884). Den einaste som framleis levde då ho vart fødd var Alexander, som var så opprørt over det andre ekteskapet til faren at han nekta å møte systera si. Han døydde då ho var fire år gammal.

Då Vilhelmina var ti år gammal døydde faren, og ho vart dronning. Fram til den attande fødselsdagen hennar var mora Emma regent. I Storhertugdømet Luxemburg hadde berre dei mannlege arvingane rett til trona, og krona til storhertug gjekk over til den walramske greina av huset Nassau, Adolf.

KjelderEndra