Vylkove

(Omdirigert frå Vilkovo)

Vylkove (ukrainsk Вилкове; russisk Вилково, Vilkovo; rumensk Vâlcov) er ein liten by i den ukrainske delen av Donaudeltaet, heilt sørvest i Ukraina, ved grensa til Romania. Administrativt høyrer byen til Kiliyskyj rajon (distrikt) i Odessa oblast (provins). Byen har kring 9 000 innbyggjarar (2011).

Vylkove
Вилкове
by
våpen
Land  Ukraina
Oblast Odessa oblast
Rajon Kiliyskyj rajon
Koordinatar 45°24′00″N 29°35′00″E / 45.40000°N 29.58333°E / 45.40000; 29.58333
Folketal 8 570  (2011[1])
Grunnlagd 1746
 - Byrettar 1762
Retningsnummer +380 4843
Kart
Vylkove
45°24′22″N 29°34′53″E / 45.406222222222°N 29.581472222222°E / 45.406222222222; 29.581472222222
Wikimedia Commons: Vylkove

Vylkove vart grunnlagd i 1746 og fekk bystatus i 1762. Han er den siste busetnaden ved breidda av Donau før ho munnar ut i Svartehavet. Byen vert kalla Den ukrainske Venezia på grunn av dei mange kanalane i området.

Kjelder endre