Villand

ein av dei eldste og gjævaste gardane i Øvre Hallingdal

Villand, Hovet i Hol kommune, er ein av dei eldste og gjævaste gardane i Øvre Hallingdal. Garden vart tidleg skild i Søre og Nordre Villand, og er kjend i kjelder så langt attende som tidleg på 1500-talet. Garden ligg sentralt i bygda, og har vore førande i lokal soge og bygdepolitikk langt inn i nyare tid.

Frå søre Villand kjem den ætta som gjerne er kalla Villandane, og sogene kring dei åtte villandskarane og mor deira, Ragnhild Ellingsdotter Villand. Ho var først gift med den namngjetne kjempekaren Blank-Ola.[treng kjelde]