Hovet
Hovet (lokalt kalla Høvet) er ei bygd i Austre Hol, aust for Hallingskarvet i Hol kommune i Viken. Hovet er eige sokn og skolekrins, og er eit gamalt jordbruksområde, der det har vore mykje fedrift og storfehald. Målføret i Hovet er halling. Hovsfjorden ligg aust (sør) i Hovet. Frå gamalt av er austre delen av Hovet omtalt som sør, mens den vestre delen er omtalt som nord.
Hovet | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Viken | ||
Kommune | Hol | ||
![]() Hovet | |||
Wikimedia Commons: Hovet (Hol) | |||
Hovet har namnet sitt etter eit gamalt gudehov, og Lars Reinton reknar det som sannsynleg at noko av den eldste busetnaden i Hol er knytt til denne kultstaden. Om Hovet ein gong var hovudgard i bygda, er denne garden for lengst borte, men nemninga Hovvaldet lever att som nemning på den sentrale gardskrinsen i bygda.
Geografisk vert Hovet rekna frå Kvammen der det er ei innsnevring i dalen mellom Hovet og Holet. Der dalen snevrar seg inn att, går Hovet naturleg over i Sudndalen. Vidare inn med Strandevatn ligg Raggsteindalen. Den gamle ferdslevegen over fjellet til Aurlandsdalen gjekk gjennom bygda. Før Bergensbanen vart lagt, var dette rekna som hovuddalføret i øvre Hallingdal.
Folk frå Hovet vert kalla høveringar.