Villingen-Schwenningen
Villingen-Schwenningen er ein by i Tyskland i delstaten Baden-Württemberg med om lag 90 000 innbyggjarar. Byen er den største i landkreisen Schwarzwald-Baar.
Villingen-Schwenningen | |||
by | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Stat | Baden-Württemberg | ||
Region | Freiburg | ||
Landkreis | Schwarzwald-Baar | ||
Høgd | 758 m | ||
Areal | 165,5 km² | ||
Folketal | 89 145 (31. desember 2023) | ||
Postnummer | 78048–78056 | ||
Retningsnummer | 07721, 07720, 07425, 07705 | ||
Bilnummer | VS | ||
![]() Villingen-Schwenningen 48°03′47″N 8°29′35″E / 48.063152°N 8.4929618°E | |||
Wikimedia Commons: Villingen-Schwenningen |
Villingen-Schwenningen ligg i austkanten av Schwarzwald ved elva Brigach, om lag 700 meter over havet. Kjelda til elva Neckar ligg i Schwenningen (Schwenninger Moos).
Historie
endreI mellomalderen var Villingen ein austerriksk by. Under reformasjonen vart han verande katolsk. Villingen vart omleira av marsjal Tallard i 1704. Oberst Von Wilstorff forsvarte seg godt i dei utdaterte festningsverka og etter seks dagar måtte Tallar gje opp.
Schwenningen var ein landsby fram til 1800-talet. I 1858 vart den første klokkefabrikken oppretta her, og frå den tida har urmakeri og presisjonsmekanikk vore ein viktig industri.
Som ein del av reformene i Baden-Württemberg i 1972 vart Villingen og Schwenningen slått i saman, i lag med fleire andre omliggande landsbyar. Dei to halvdelane av byen heng derimot ikkje saman, og har mellom anna eit platå mellom seg.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Villingen-Schwenningen» frå Wikipedia på engelsk, den 25. juni 2007.