Vincent Islands
Vincent Islands er ei lita øygruppe inst i King Haakon Bay på sørsida av Sør-Georgia. Ho vart grovt kartlagd av den britiske ekspedisjonen under Shackleton i 1914–16, og vart så kartlagd av South Georgia Survey i perioden 1951–57. Øygruppa vart gjeven namn av United Kingdom Antarctic Place-Names Committee (UK-APC) etter J. Vincent, båtsmann på «Endurance», 1914–16, som var med Shackleton i livbåten «James Caird» under den kjende reisa frå Elefantøya til King Haakon Bay under Endurance-ekspedisjonen.
Vincent Islands | |||
øy | |||
Land | Storbritannia | ||
---|---|---|---|
Øygruppe | Sør-Georgia og Sør-Sandwichøyane | ||
Koordinatar | 54°9′S 37°16′W / 54.150°S 37.267°W | ||
Vincent Islands 54°09′00″S 37°16′00″W / 54.15°S 37.2667°W | |||
Sjå òg
endreKjelder
endreDenne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Vincent Islands» (innhald frå Geographic Names Information System).