«Endurance»
«Endurance» for fulle segl i Weddellhavet | |
Karriere (Noreg) | |
---|---|
Namn: | «Endurance» |
Verft: | Framnæs Mekaniske Værksted i Sandefjord |
Sjøsett: | 1912 |
Lagnad: | Knust av pakkisen i Weddellhavet og sokk i eit hol i isen i 1915. |
Generelle mål | |
Deplasement: | 350 tonn |
Lengd: | 44 m |
Breidd: | 7,6 m |
Framdrift: | 350 hk, kolfyrt dampmaskin og segl |
Fart: | 10,2 knop |
Mannskap: | 28 |
«Endurance» var ein tremasta skonnertbark. Skipet vart bygd ved Framnæs Mekaniske Værksted i Sandefjord i 1912. «Endurance» var ekspedisjonsskipet til Ernest Shackleton under hans transantarktiske ekspedisjon i 1914. Skipet vart 21. november 1915 knust av pakkis i Weddellhavet i Antarktis.
Bygging av skipet
endreSkipet vart teikna av Ole Aanderud Larsen og bygd ved Framnæs Mekaniske Værksted i Sandefjord i sjøsett 17. desember 1912. Skipet vart bygd under leiing av skipsbyggar Christian Jacobsen.
Skipa vart opphavleg døypt «Polaris» og var konstruert for seglingar i polare farvatn med lettare pakkis. Skipet var ikkje konstruert for opphald i ismassar med stort trykk. Skipa var bygd i eik og edelgran. Lengda på skipet var 44 meter (144 fot), 7,6 meter brei (25 fot) og vog 350 tonn. I tillegg til segl hadde «Endurance» ein kolfyrt dampmaskin på 350 hk, som oppnådde ein toppfart på 10,2 knop (19 km/t).
Eigarskap
endre«Endurance» vart bygd for Adrien de Gerlache og Lars Christensen, som hadde planar om å frakte turistar til polare strøk for jakt på isbjørn. Økonomiske problem gjorde at de Gerlache trekte seg frå prosjektet og Christensen selde skipet til Ernest Shackleton for GB£ 11 600, som var mindre enn byggekostnaden. Shackleton omdøypte skipet til «Endurance» etter Shackletonfamilien sitt motto «Fortitudine vincimus» (engelsk: By endurance we conquer).
Siste ferda
endreShackleton segla ikkje med «Endurance» frå Plymouth, England 6. august 1914 då skipet sette kurs for Buenos Aires i Argentina med kaptein Frank Worsley i kommando, men mønsret på der saman med andre mannskap. Kryssinga av Atlanterhavet var den første store seglinga for skipet og turen over tok meir enn to månader.
26. oktober 1914 segla skipet frå Buenos Aires til siste hamna før Antarktis, kvalfangststasjonen Grytviken på øya Sør-Georgia, der skipet kom fram 5. november. 5. desember segla skipet frå Grytviken i retning sørlege delen av Weddellhavet.
To dagar etter avgangen frå Sør-Georgia møtte «Endurance» pakkis og framdrifta gjekk ned. I vekesvis følgde «Endurance» havstraumane i pakkisen og la bak seg under 45 km per dag. 15. januar 1915 var «Endurance» 320 km frå målet sitt, Vahselbukta. Neste dag såg ein tette pakkismassar om morgonen og om ettermiddagen bles det opp til storm. Det var vanskeleg å få framdrift under slike vêrtilhøve og «Endurance» søkte ly bak eit berg, der skipet vart liggjande i tre dagar.
18. januar byrja vinden å løye og «Endurance» som berre var ein dags seglas frå målet, sette toppseglet og motoren på sakte. Pakkisen hadde blåse bort og «Endurance» gjorde sakte framsteg. Men etter ei stund støytte «Endurance» nok ein gong på pakkis. Shackleton avgjorde å jobbe seg gjennom pakkisen. Stormen kom tilbake og bles frå ei nordleg retning mot land og varte i seks dagar. 24. januar hadde vinden pakka saman pakkisen i Weddellhavet mot land og rundt «Endurance». Berre ein storm frå sør kunne løyse opp ismassane. «Endurance» flytte rundt i ismassane til skipet omsider vart knust av ismassane 21. november 1915.
Mannskap
endreMannskapet på siste seglas med «Endurance» var følgjande 28 menn:
|
|
|
Blackboro fekk opphavleg ikkje bli med på ekspedisjonen på grunn av den låge alderen hans og manglande røynsle. Han vart med båten som blindpassasjer og fekk hjelp av William Bakewell, som var ein ven av han, Tim McCarthy og Walter How. Då han vart funnen var skipet kome så langt til havs at Shackleton ikkje hadde noko val enn å la han vere stuert. Blackboro beviste verdet sitt og mottok polarmedaljen i bronse. I tillegg vart han det første mennesket til å setje foten sin på Elefantøya.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på ««Endurance»» frå Wikipedia på bokmål, den 28. oktober 2012.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- Alfred Lansing. (1999) andre utgåve. Endurance: Shackleton's Incredible Voyage. Carroll & Graf Publishers. ISBN 0-7867-0621-X