Vindspel er ein type klokkespel som blir spelt av vinden ved at han rører ulike delar av instrumentet slik at dei slår mot andre. Dei hengande, klingande delane på vindspel kan til dømes vera bjøller eller sylindrar av tre, metall, keramikk eller glas. I ei vanleg utforming heng fleire sylindrar rundt ei vassrett plate som er festa til ein vindfangar lengre nede.

Enklet vindspel av metall.
Kort lyddøme.

Ein kan bruka vindspel som audio-visuell dekorasjon eller som ein lukkebringar. I fleire tradisjonar reknar ein med at vindspel kan skremma vekk vonde ånder,[1] gje positiv energi og liknande.

Dei gamle romarane hadde lukkebringande vindspel kalla tintinnabulum som ofte hadde falliske og andre lukkebringande symbol i tillegg til dei vernande bjøllene.[1]

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Vindspel