Vinjeøra
Vinjeøra er ei bygd i Heim kommune i Trøndelag. Staden ligg inst i Vinjefjorden. Fram til 1964 var Vinjeøra ein del av Vinje kommune i Sør-Trøndelag, men etter ei kommunesamanslåing har Vinjeøra vore ein del av Hemne kommune.
Vinjeøra | |||
stad | |||
Vinjeøra
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Trøndelag | ||
Kommune | Heim | ||
Postnummer | 7203 VINJEØRA | ||
Ferdselsårer | E39 | ||
Vinjeøra 63°12′21″N 8°59′09″E / 63.205833333333°N 8.9858333333333°E |
Vinjeøra ligg om lag 95 km frå Trondheim og 105 km frå Kristiansund. Europaveg 39 går gjennom staden. Vinjeøra har mest 300 innbyggjarar [treng kjelde]. Vinjeøra har Bygdemuseet «Bua», Kaféen «E39», og ein matbutikk.
Vinjeøra er utgangspunktet for mange turar langs «Fjordruta» som er Kristiandsund og Omegn Turistforening si rute på Nordmøre.
Denne Trøndelagartikkelen som har med geografi å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.