Opna hovudmenyen

Vinje kyrkje er ei krosskyrkje frå 1796 som står i Vinje kommune i Telemark.

Vinje kyrkje
kyrkje
Vinje kyrkje.JPG
Vinje kyrkje
Foto: Orf3us (2010)
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Agder og Telemark
Prosti Øvre Telemark
Sokn Vinje og Nesland
Fellesråd Vinje
Type Krosskyrkje
Arkitekt Jarand Rønjom
Teknikk Panela
Material Tre
Innvigd 1796[1]
Kyrkjegard Attmed kyrkja
Sitjeplassar 235
Wikimedia Commons: Vinje kirke (Telemark)
Vinje kyrkje i Telemark is located in Telemark
Plasseringa til Vinje kyrkje i Telemark

Kyrkja har preikestolalter og er bygd av Jarand Rønjom frå Åmotsdal. Interiøret er av typen seinbarokk.[1] Golvplankar frå den gamle stavkyrkja er tekne i bruk.

Alterbiletet er skjenkja kyrkja i 1932 av Henrik Sørensen, som også dekorerte ho i varme fargar saman med bygdekunstnaren Sveinung Fetveit og Olav Kringlegarden. Dagfin Werenskiold har skore ut symbola på kyrkjebenkane.

Utvendig er kyrkja i dag måla med dei opphavlege fargane. Byggverket er i tre og har 235 plassar.

BileteEndra

ReferansarEndra

BakgrunnsstoffEndra