Ein vinkelspegeil er to eller fleire plane speglar stilt i vinkel til kvarandre slik at biletet av ein gjenstand blir reflektert gjentekne gonger. To speglar som dannar ein vinkel på 90° med kvarandre gjev tre spegelbilete, som saman med gjenstanden gjev ein fire-talig symmetrisk figur. Dette blir brukt i kaleidoskopet til å konstruere symmetriske mønster. Vinkelspeglar utført som glasprismer, der mellomrommet mellom dei speglande flatene er utfylt av glas, blir brukt i mellom anna prismekikkerten. Kattauge på syklar er eit stykke glas der det på baksida er pressa inn vinkelspeglar i form av pyramidar, der alle fire toppvinklar er 90° (spegelhjørne). Desse har den eigenskapen at ein lysstråle som treffer den speglande pyramiden innvendig, etter refleksjonen til to gonger har nøyaktig motsett retning av den innfallande. Lys frå ein billyskastar vil difor reflekterast tilbake mot bilen, sjølv om lyset treffer kattauget skeivt. Same prinsipp blir utnytta i refleksbrikker.

Kjelder endre