Virgilio Mazzocchi

italiensk komponist

Virgilio Mazzocchi (22. juli 15973. oktober 1646) var ein italiensk kapellmeister og komponist.

Virgilio Mazzocchi
Fødd22. juli 1597
FødestadCivita Castellana
Død3. oktober 1646 (49 år)
DødsstadCivita Castellana
Sjangeropera
Verka somkomponist, korleder

Liv og virke endre

Mazzocchi blei undervist av broren sin Domenico Mazzocchi, som også var komponist. I 1624 blei Virgilio Mazzocchi kapellmeister ved kyrkja Il Gesù i Roma. I 1628/29 hadde han same stilling ved Laterankyrkja, og deretter ved Cappella Giulia, der han var til han døydde. Samtidig arbeidde han ved Collegium Romanum og ved Collegio del'Inglesi.

Mazzocchi blir rekna som ein av dei fyrste meistrane av fleirkorteknikken. Han oppnådde ein stor og verknadsfull klang ved å plassera ut fleire kor ulike stader i kyrkjerommet i Peterskyrkja. I motsetnad til den eldre venetianske fleirkorteknikken ved Markuskyrkja har stilen eit mindre antifont og polyfont preg, men Mazzocchi oppnår ein mektig romleg klangverknad gjennom ein stor innretta homofon tonesats.

Berre ein femkorig magnificat og to- og firstemmige verk, som Sacri Flore og vespersalmar, er att etter Mazzocchi. Han skreiv også fleire oratorium, kantatar og operaer.

Blant elevane til Mazzocchi kan ein nemna Giovanni Andrea Bontempi.

Kjelder endre