Peterskyrkja (latin Basilica Sancti Petri) er eit kyrkjebygg som ligg i Vatikanet i Roma og er hovudkyrkja i katolisismen. Peterskyrkja er oppkalla etter apostelen Peter som leid martyrdøden omkring år 64, og som skal ha vorten gravlagd på denne staden. Confessio, det nedsenka rommet framom høgaltaret, er konstruert av Carlo Maderno for å halde direkte kontakt med Peters grav. I kuppelen på Peterskyrkja er innskrive eit sitat frå Matteusevangeliet (16. kap., 18-19) på latin: Tu es Petrus et super hanc petram aedificabo ecclesiam meam et tibi dabo claves regni caelorum ('Du er Peter, og på dette fjellet vil eg byggja mi kyrkje. Eg vil gje deg nyklane til himmelriket'). Peterskyrkja er ei av fire patriarkalbasilikaer i Roma.

Peterskyrkja
Høgaltarrommet med den 29 meter høge bronsebaldakinen av Bernini.
Planteikning frå 1904.

Skildring endre

Peterskyrkja var utan tvil verdas største kyrkje frå ho stod ferdig i 1626 og fram til 1989. Katedralen er 132,5 meter høg og har eit innvendig flatemål på 15160 m². I teorien kan 60 000 menneske vere inne i kyrkja på same tid. Langskipet er 187 m langt og 27,5 m breitt. Tverrskipet har ei breidd på 138 m.

Inne i kyrkja finst 800 søyler, samt 390 store skulpturar som er framstilte av travertin, marmor eller bronse. Kyrkja har 45 altar.

Ved inngangen til kyrkja frå forhallen kjem ein til ei bronsedør teikna av arkitekten Filarete på 1400-talet. Den heilage døra (italiensk Porta santa) som ligg ved sidan av hovudinngangen vert berre opna i jubelår då pilegrimar går gjennom ho. Jubelår vert feira kvart 25. år med tanke på at dei truande skal få tilgjeving, samt kvart femtiande år då ein held høgtid til minne om Jesu død. I samsvar med tradisjonen bankar paven då på døra med ein bronsehammar, ho vert opplåst og er open til årets slutt.

I kvar av dei fire hovudsøylene som den store kuppelen kviler på, finst ein nisje. I desse nisjane står 4,5 m høge helgenskulpturar som førestiller Veronika, Helena, Longinus og Andreas. Desse figurane viser til relikviar som har vore under forvaring i Peterskyrkja; Veronikas sveitteduk, ein bit av den heilage krossen, den heilage lansen og Andreas sitt hovud (sidan 1964 i Patras).

I kyrkja finn ein høgaltaret laga av Giovanni Lorenzo Bernini, berre paven får feire messe ved dette. Og så Michelangelos meisterverk, skulpturen Pietà (1499), som førestiller jomfru Maria med den døde Jesus på sitt kne. Inne i kyrkja finst nokre pavegraver. Ei tidlegare svensk dronning, Kristina, ligg gravlagd under Peterskyrkja.

Kuppelen består av to sjikt og er den største frittberande bygningen av teglstein i verda. Han har ein diameter på 42,34 m og vert halden oppe av fire femkanta søyler med ein omkrins på cirka 24 m. Til gesimsen på kuppelen går 510 trappetrinn. Frå gesimsen har ein utsikt over Vatikanet og det meste av Roma by.

Byggehistorie endre

Kyrkja vart påbyrja i 1506 og innvigd 120 år seinare. Fleire kjende arkitektar har sett sitt stempel på kyrkja: Bramante, Rafael og Michelangelo. Størst innverknad fekk Carlo Maderno då han teikna langskipet og fasaden tidleg på 1600-talet.

  • 1506 – Bramante fekk i oppdrag å leie arbeidet med ny Peterskyrkje av pave Julius II. Ein tok sikte på at basilikaen skal ha eit grunnplan lik ein gresk kross.
  • 1514 – Rafael vart leiar for arbeidet etter at Bramante døydde. Han føreslår å oppføre basilikaen med form etter ein latinsk kross.
  • 1520 – Peruzzi gjekk tilbake til planen med gresk kross.
  • 1546 – Michelangelo vart utnemnd til sjefsarkitekt og gjekk tilbake til Bramante se plan, men i forenkla form. Etter at han døydde heldt arbeidet fram, mykje i samsvar med planane hans.
  • 1603 – Ein gjekk tilbake til planen med latinsk krossform. Maderno fekk i oppdrag å forlenge langskipet i retning Petersplassen. Fasaden vart oppført etter Michelangelos plan, men utvida.
  • 1626 – Pave Urban VIII innvigde kyrkja.
  • 1667 – Petersplassen vart ferdigstilt.

Turist- og pilegrimsmål endre

Dagleg er om lag 20 000 menneske innom Peterskyrkja. Katedralen er såleis ei av dei mest vitja bygningar i verda.

Kjelder endre