Virvytė
(Omdirigert frå Virvyčia)
Virvytė eller Virvyčia (samogitisk Virvītė) er ei elv nordvest i Litauen i Samogitia med ei lengd på 131 km. Ho er ei av sideelvane til Venta frå venstre. Virvytė spring ut frå høglandet Žemaičiai, 3 km nord for Laukuva. Ho renn nordover og gjennom innsjøane Paršežeris og Lūkstas, byen Varniai, innsjøen Biržulis og byen Tryškiai. Virvytė munnar ut i Venta nær landsbyen Gyvoliai. Virvytė sine største sideelvar er Juodupis, Būgenis, Trimesėdis, Upyna og Tryškys.
Virvytė | |||
elv | |||
Virvytė i Mažeikiai fylke
| |||
Land | Litauen | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 1 144 km² | ||
Lengd | 131 km | ||
Middelvassføring | 9,93 m³/s | ||
Kjelde | Høglandet Žemaičiai | ||
Munning | Venta | ||
Virvytė 56°13′00″N 22°34′00″E / 56.216666666667°N 22.566666666667°E | |||
Wikimedia Commons: Virvytė |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Virvytė» frå Wikipedia på engelsk, den 24. januar 2008.