Virvytė eller Virvyčia (samogitisk Virvītė) er ei elv nordvest i Litauen i Samogitia med ei lengd på 131 km. Ho er ei av sideelvane til Venta frå venstre. Virvytė spring ut frå høglandet Žemaičiai, 3 km nord for Laukuva. Ho renn nordover og gjennom innsjøane Paršežeris og Lūkstas, byen Varniai, innsjøen Biržulis og byen Tryškiai. Virvytė munnar ut i Venta nær landsbyen Gyvoliai. Virvytė sine største sideelvar er Juodupis, Būgenis, Trimesėdis, Upyna og Tryškys.

Virvytė
elv
Virvytė i Mažeikiai fylke
Land  Litauen
Nedslagsfelt 1 144 km²
Lengd 131 km
Middelvassføring 9,93 /s
Kjelde Høglandet Žemaičiai
Munning Venta
Kart
Virvytė
56°13′00″N 22°34′00″E / 56.216666666667°N 22.566666666667°E / 56.216666666667; 22.566666666667
Wikimedia Commons: Virvytė

Kjelder

endre