Visjera i Novgorod oblast

Visjera (russisk Вишера) er ei elv i Novgorod oblast i Russland og ei av sideelvane til Volkhov frå høgre. Elva er 73 km lang og oppstår der elvane Bolsjaja Visjera og Malaja Visjera (respektive Store Visjera og Lille Visjera) renn saman. Ho munner ut i Malyj Volkhovets, ei austleg grein av Volkhov, rundt 10 km aust for Velikij Novgorod ved 58°33′44″N 31°24′14″E.

Visjera
elv
Visherka 2.jpg
Visjera i landsbyen Savino.
Land Flag of Russia.svg Russland
Lengd 73 km
Munning Volkhov

Visjera i Novgorod oblast
58°33′44″ N 31°24′14″ E
Wikimedia Commons: Vishera river, Novgorod Oblast

Ved tilløpselva Malaja Visjera ligg byen Malaja Visjera.

KjelderEndra