Visual Basic

programmeringsspråk

Visual Basic er eit programmeringsspråk utgjeve av Microsoft. Syntaksen er avleidd frå programmeringsspråket BASIC.

Microsoft kjøpte rettane til idéen (Q-Basic), av Alan Cooper i 1988 og vidareutvikla han med Coopers hjelp til Visual Basic 1.0, som kom på marknaden 20. mai 1991.

Språket er berekna på å utvikla applikasjonar som vert køyrt under operativsystemet Windows og vert òg nytta i Microsoft Office som makrospråk, då med nemninga VBA (Visual Basic for Applications).

Den nyaste generasjonen kom saman med Microsoft sitt .NET-rammeverk i 2001 og vert kalla Visual Basic .NET.

Visual Basic .NET skil seg veldig frå tradisjonell BASIC, ved at det er 100% objektorientert. Dermed kan ein seia at desse er to ulike språk. Visual Basic .NET støttar framleis fleire av funksjonane som var tilgjengeleg i Visual Basic 6.0 gjennom Microsoft.VisualBasic. Men det er kjent at det er ofte veldig vanskeleg å konvertera eit Visual Basic 6.0 prosjekt til .NET, og som oftast er den raskaste og enklaste måten å flytta eit gammalt Visual Basic 6.0 prosjekt til Visual Basic .NET å skriva heile programmet på nytt. Einskilde funksjonar er derimot dei same og Visual Basic .NET inneheld ein funksjon for å konverterar gamle Visual Basic 6-prosjekt til .NET. Eit tillegg til Visual Basic 6 som fortel kva ein må passa på før prosjektet konverterast er òg tilgjengeleg.

Nokre skilnader ein kan nemna, er at Visual Basic i utgangspunktet var eit 16-bit programmeringsspråk, men frå og med versjon 4 har det vore  32-bits. Det er likevel spor av 16-bitstida i 32-bitsversjonene. Dette ser ein ved at Integer-datatypen er 16-bitar i klassisk Visual Basic, i Visual Basic .NET er den 32-bitar. Samstundes støttar Visual Basic .NET ein funksjon som vert kalla interfaces, dette vart berre støtta av Visual Basic 6.0 ved import frå COM+/ActiveX DLL-er, og kunne ikkje definerast i Visual Basic. Visual Basic 4.0 og fram til 6.0 støtta òg klasser, men på ein forholdsvis primitiv måte og det var ei rekkje avgrensingar. Blant anna kunne ikkje klasser arva, noko som gjer opgrepet klasser relativt upassande.

.NET 2.0 endre

I 2005 kom versjon 2.0 av .NET rammeverket. 

Historie endre

  • 1991 : Visual Basic 1.0 for Windows
  • 1992 : Visual Basic 1.0 for MS-DO sin
  • 1992 : Visual Basic 2.0 for Windows
  • 1993 : Visual Basic 3.0 for Windows, siste versjon som berre støtta 16-bitar
  • 1995 : Visual Basic 4.0 for Windows, no med høve for å skriva klasser
  • 1997 : Visual Basic 5.0 for Windows, første versjon som droppa støytte for 16-bitar
  • 1998 : Visual Basic 6.0 for Windows, blant anna med Web-støytte
  • 2001 : Visual Basic .NET
  • 2003 : Visual Basic .NET 2003
  • 2005 : Visual Basic .NET 2005
  • 2007 : Visual Basic .NET 2008
  • 2009 : Visual Basic 2010 Beta 2

Hello World endre

MsgBox("Hello world!")

Hello World .NET endre

Messagebox.Show("Hello world!")

Hello World - Avansert framstilling endre

MessageBox.Show("Hello World", "Tittel", MessageBoxButtons.OK, MessageBoxIcon.Information)

Kjelder endre