Vitrinitt
Vitrinitt er eit omdanningsprodukt av vedmateriale som utgjer ein dominerande komponent i steinkol, og som dessutan finst som finfordelte partiklar i sediment. Omdanninga (innkolinga) skjer under påverknad av jordvarmen og fører til gradvis auke i evna vitrinitten har til å reflektere lys, frå under 0,5 til ca 5 % refleksjon. Vitrinittrefleksjonsmåling er eit sentralt hjelpemiddel i rutinemessige undersøkingar av jordvarmepåverknaden i sediment i samband med oljeleiting.
Kjelder
endre- Vitrinitt. (15. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 1. desember 2013 frå http://snl.no/vitrinitt.