Antrasitt
(Omdirigert frå Steinkol)
Antrasitt er naturleg førekomande kol og inneheld 92–98 % karbon. Fargen varierer frå djup svart til jarngrå. Antrasitt er vanskeleg å tenne, og brenn berre ved kraftig lufttilførsel, og med ganske kort flamme fordi han utvikla lite gass. Varmeverdien er større enn for andre kolsortar, frå 33 500 kJ til 37 700 kJ per kg (8 000 kcal til 9 000 kcal per kg).
Antrasitt | |||
Antrasitt | |||
Steinkol er ein mellomting mellom brunkol og antrasitt. Det inneheld 77–95 % karbon, medan innhaldet av flyktige hydrokarbon varierer mellom 10 og 40 %. Brennverdien er kring 28 000 kJ/kg. Glanskol er ein glinsande, beksvart varietet av steinkol.
På Svalbard finst steinkolførekomstar frå devon, karbon, jura, krit og tertiær.
Kjelder
endre- Antrasitt. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 5. januar 2014 frå http://snl.no/antrasitt.
- Steinkull. (15. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 1. desember 2013 frå http://snl.no/steinkull.