Vivi Haug
Vivi Haug (13. oktober 1936–5. oktober 2014[1]), opphavleg Eva Margrethe Haug,[2] var ein norsk skodespelar som hovudsakleg dreiv med revyar.
Vivi Haug | |||
Fødd | 13. oktober 1936 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Fredrikstad | ||
Død | 5. oktober 2014 (77 år) | ||
Dødsstad | Fredrikstad | ||
Fødenamn | Eva Margrethe Haug | ||
Verka som | skodespelar, helsefagarbeider | ||
Prisar | Østfoldprisen |
Den første rolla hennar i Fredrikstad var i Født i går i 1962 for Studiescenen i Bibliotekets Aula. Ho blei noregskjend i 2006 då ho spelte rolla som ei pratsam dame i ein reklamefilm for Verdens Gang (VG). Etter reklamen blei ho omtalt som «Norges mest populære skravlekjærring» og «VG-dama».[3]
Utover reklamejobber på TV spelte Haug for det meste i lokale revyar i Fredrikstad. I 2012 spelte ho saman med Øyvind «Raymon» Johannessen og Tor Erik Gunstrøm (frå Dizzie Tunes) i revyen Fire haker og en sprekk.[3] I 2006 var ho med i filmen Lange flate ballær, som blei den første spelefilmen hennar. Ho var også med i oppfølgjaren, Lange flate ballær 2. I 2011 spelte ho i filmen Gråtass får en ny venn, i rolla som «Skravledame». Ho hadde også ein gjesteopptreden i KLMs Nachspiel i 1992.[3]
Kjelder
endre- ↑ VG - Vivi Haug er død (5.10.2014)
- ↑ Fredrikstad Blad - Kjendisenes ukjente mellomnavn (14.4.2012) «Søker du etter skuespilleren Vivi Haug i telefonkatalogen, finner du henne ikke. Det er fordi Vivi egentlig heter Eva Margrethe.»
- ↑ 3,0 3,1 3,2 NRK - Revyskuespilleren Vivi Haug er død (5.10.2014)
- Denne artikkelen bygger på «Vivi Haug» frå Wikipedia på bokmål, den 28. april 2020.