Vivian Zahl Olsen
Vivian Zahl Olsen (fødd 24. januar 1942 i Asker) er ein norsk teiknar, grafikar og illustratør.
Vivian Zahl Olsen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 24. januar 1942 (82 år) Asker |
Yrke | illustratør, grafikar |
Olsen er utdanna ved Statens håndverks- og kunstindustriskole. Ho har illustrert fleire skulebøker, forteljingsbøker og biletbøker, mellom anna Flode alene av Trond Viggo Torgersen og Fru Pigalopp av Bjørn Rønningen. Ho har òg teikna for mange seriar barne-TV og laga dekorasjonar og animasjonsfilmar. I fleire år stod ho for illustrasjonane i medlemsbladet til Framtiden i våre hender, Ny livsstil.
Zahl Olsen har motteke fleire prisar både i Noreg og utlandet, mellom anna Jacob-prisen i 1980 og Cappelenprisen i 1981.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Vivian Zahl Olsen» frå Wikipedia på bokmål, den 13. februar 2010.