Vjatsjeslav Malafejev

russisk fotballspelar

Vjatsjeslav Aleksandrovitsj Malafejev (fødd 4. mars 1979 i Leningrad) er ein russisk fotballspelar. I 2012 spela han som keeper for Zenit St. Petersburg i den russiske fotballigaen, og for det russiske landslaget.

Vjatsjeslav Malafejev
Personleg informasjon
Fullt namn Vjatsjeslav Aleksandrovitsj Malafejev
Вячеслав Александрович Малафеев
Fødd 4. mars 1979 (45 år)
Fødestad Leningrad i Sovjetunionen
Høgd 185 cm
Posisjon Keeper
Klubbinformasjon
Noverande lag
Zenit St. Petersburg
Nummer 16
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1997- Zenit St. Petersburg 299 (0)
Landslag
2003- Russland 27 (0)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 6. mai 2012
‡ Landslagsmål oppdatert 12. juni 2012

Malafejev har, i ein alder av 33 år, spelt heile karrieren sin for Zenit i heimbyen sin, St. Petersburg. Med dei har han vunne den russiske serien to gonger, i 2007 og 2010, cupen i 1999 og 2010 og UEFA-cupen i 2008. Han debuterte for Russland sitt A-landslag 19. november 2003 i ein EM-kvalifiseringskamp mot Wales. Då han vart teken ut i Russland sin tropp til fotball-EM i 2012, vart dette den tredje europameisterskapen på rad han tek del i.