Vladimír Weiss (1989-)
slovakisk fotballspelar
Vladimír Weiss (fødd 30. november 1989 i Bratislava) er ein slovakisk fotballspelar, som hausten 2011 spela for Espanyol i spansk Primera Division, på lån frå Manchester City, og for det slovakiske landslaget.
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fødd | 30. november 1989 (35 år) | ||
Fødestad | Bratislava i Tsjekkoslovakia | ||
Høgd | 173 cm | ||
Posisjon | Ving | ||
Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Al-Gharafa | ||
Nummer | 79 | ||
Ungdomsklubbar | |||
- 2006-09 |
Inter Bratislava Manchester City | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar | (Mål) |
2009–2012 | Manchester City | 1 | (0) |
2010 | → Bolton (lån) | 13 | (0) |
2010–2011 | Rangers (lån) | 23 | (5) |
2011–2012 | → Espanyol (lån) | 28 | (3) |
2012–2013 | Pescara | 22 | (4) |
2013–2014 | Olympiakos | 17 | (5) |
2014–2016 | Lekhwiya | 43 | (20) |
2016– | Al-Gharafa | 52 | (23) |
Landslag | |||
2007 | Slovakia U-19 | (0) | |
2008–2009 | Slovakia U-21 | (1) | |
2009–2018 | Slovakia | 66 | (7) |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 1. februar 2019 ‡ Landslagsmål oppdatert 17. oktober 2018 |
Weiss har spelt i Manchester City sidan ung alder. Han debuterte på A-laget til klubben 24. mai 2009. I desember 2009 skreiv han kontrakt med klubben fram til 2010. I januar 2010 gjekk han på lån til Bolton Wanderers ut 2009/10-sesongen.
Han debuterte for Slovakia sitt landslag 12. august 2009, i ein venskapskamp mot Island. Faren, som også heiter Vladimír Weiss, har vore landslagstrenar for Slovakia sidan 2008, og bestefaren, som også hadde det same namnet, var tsjekkoslovakisk landslagsspelar.