Vladislav Tretjak

Vladislav Aleksandrovitsj Tretjak (fødd 25. april 1952) er ein russisk tidlegare ishockeyspelar, idrettsleiar, politikar frå Orudjevo i Moskva oblast. Han var målvakt på Sovjetunionen sitt ishockeylandslag i tida 1970-84, då han var med om å vinne ti VM-gull og tre OL-gull. Tretjak vart i 2008 kåra til tidenes beste ishockey-målvakt.

Tretjak spelte på CSKA Moskva frå 1969 til han la opp i 1984. Perioden 1970-84 vann laget til sovjet-hæren den sovjetiske ishockeyserien tretten gongar. Han spelte 482 klubbkampar.

Frå 1972 var Tretjak fyrstemålvakt for Sovjetunionen sitt landslag i ishockey. Frå VM-debuten i 1970 til han avslutta med Vinter-OL 1984 vann han medalje i samtlege 17 meisterskapsturneringar han deltok i. Han enda 13 gullmedaljar, tre sølvmedaljar og ein bronsemedalje. Tretjak spelte 285 landskampar.

Tretjak har sidan 2003 tidvis vore duma-representant for Sameint Russland, der han har vist seg som ein Putin-lydig politikar. I 2006 vart han vald til leiar av Russlands ishockeyforbund.

KjelderEndra