Vinter-OL 1984
Dei 14. olympiske vinterleikane | |
Deltakande nasjonar | 49 |
Deltakarar | 1272 (990 menn, 274 kvinner) |
Øvingar | 39 i 6 idrettsgreiner |
Opningsseremoni | 8. februar 1984 |
Avslutningsseremoni | 19. februar 1984 |
Offisielt opna av | Mika Spiljak |
Norsk flaggbærar | Bjørg Eva Jensen |
Vinter-OL 1984 vart avhelde i Sarajevo i dåværande Jugoslavia (no Bosnia-Hercegovina).
DDR vart beste nasjon med heile ni gullmedaljar. Noreg fekk denne gongen tre gullmedaljar:
- Dei norske langrennskvinnene tok gull på 4 x 5 km stafett.
- Tom Sandberg vann kombinert.
- Eirik Kvalfoss vann 10 km skiskyting. Han fekk òg sølv på skiskytarstafetten og bronse på 20 km.
Norsk flaggberar under opningsseremonien var Bjørg Eva Jensen, som deltok på skeiseløp. Ho var den første norske kvinnelege flaggberaren i noko vinter-OL.
Idrettsgreiner
endre- Aking og bobsleigh
- Ishockey
- Skøyteløp
- Kunstløp
- Alpine greiner
- Nordiske greiner
- Skiskyting
Medaljestatistikk
endreDei beste nasjonane | |||||
---|---|---|---|---|---|
Plass | Nasjon | Gull | Sølv | Bronse | Totalt |
1 | DDR | 9 | 9 | 6 | 24 |
2 | Sovjetunionen | 6 | 10 | 9 | 25 |
3 | USA | 4 | 4 | 0 | 8 |
4 | Finland | 4 | 3 | 6 | 13 |
5 | Sverige | 4 | 2 | 2 | 8 |
6 | Noreg | 3 | 2 | 4 | 9 |
7 | Sveits | 2 | 2 | 1 | 5 |
8 | Canada | 2 | 1 | 1 | 4 |
8 | Vest-Tyskland | 2 | 1 | 1 | 4 |
10 | Italia | 2 | 0 | 0 | 2 |