Vlieland
Vlieland (frisisk Flylân) er ein kommune og ei øy nord i Nederland. Kommunen har berre ein stor by, Oost-Vlieland (vestfrisisk East-Flylân). Han er den nest minste kommunen i Nederland etter Schiermonnikoog.
Vlieland | |
---|---|
Satellittbilete av Vlieland | |
Plassering | |
Styresmakter | |
Land Provinsar |
Nederland Friesland |
Borgarmeister | C.J. Geldorp-Pantekoek |
Geografi | |
Flatevidd - By - Land - Vatn |
315,79 km² 40,01 km² 275,78 km² |
InnbyggjararStatline - Totalt (2007) - folketettleik |
1 135 28/km² |
Koordinatar | 53°17′N 5°04′E / 53.283°N 5.067°E |
Diverse annan informasjon | |
Nettstad: www.vlieland.nl |
Vlieland er ei av Dei vestfrisiske øyane og ligg i Vadehavet. Ho ligg mellom Texel og Terschelling. Vlieland er kalla opp etter Vlie.
Størstedelen av landskapet på øya består av sanddyner, men det er nokre skogområde og små enger òg. Ein stor del av øya, den vestlege delen, består hovudsakleg av sand og øya vert derfor stundom kalla «Sahara i norden».
Bakgrunnsstoff
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Vlieland» frå Wikipedia på engelsk, den 11. februar 2008.