Texel er ein kommune og ei øy i Nederland i provinsen Noord-Holland. Ho er den største og mest folkesette av Dei vestfrisiske øyane i Vadehavet og den vestlegaste øya i øygruppa, som strekkjer seg austover til Danmark. Den neste øya i øygruppa er Vlieland, nord for Texel.

Texel
Flagg
Symbol
Land  Nederland
Provins Noord-Holland
Areal 463,28 km²
 - land 161,96 km²
 - vatn 301,32 km²
Folketal 13 617  (2007)
Folketettleik 84 / km²
Kart
Texel
53°4′0″ N 4°48′0″ E
Wikimedia Commons: Texel

Namn endre

Uttale

Namnet Texel (ˈtɛsəl ; texeldialekt Tessel) er frisisk, men på grunn av historiske lydendringar i nederlandsk der alle -x-lydar er blitt erstatta av -s-lydar (jamfør til dømes engelsk fox, frisisk fokse, tyskFuchs og nederlandsk vos) blir namnet typisk uttalt Tessel på nederlandsk.[1]

Geografi endre

Allerheiligenvloed i 1170 skilde øyane Texel og Wieringen frå Nord-Holland.[2] Tidleg i mellomalderen og før kan Texel og Wieringen ha vore mykje større og møtt kvarandre som motsette breidder av Marsdiep, som då var ei elv med breidder av permanent land.

 
Luftfoto av De Slufter

Øya Texel bestod opphavleg av to øyar, sjølve Texel i sør og Eierland i nordvest. Desse var kopla saman av sandbankar. På 1600-talet blei desse sandbankane gjort om til ein polder og dei to øyane blei til éi øy. I dag er Texel den største naturlege barrieren mellom Nordsjøen og Vadehavet.

Det ligg sju landsbyar på øya, De Cocksdorp, De Koog, De Waal, Den Burg, Den Hoorn, Oosterend og Oudeschild. Kommunen er delt inn i distrikta Bargen, De Nes, Dijkmanshuizen, Driehuizen, Harkebuurt, 't Horntje, Midden-Eierland, Molenbuurt, Nieuweschild, Noorderbuurt, Ongeren, Oost, Spang, Spijkdorp, Tienhoven, Westermient, Zevenhuizen og Zuid-Eierland.

Kommunen består òg av sandbanken Noorderhaaks, som ikkje er busett.

Sanddynelandskapet på Texel er eit unikt habitat for dyreliv. Texel er kjend for dyrelivet sitt, særleg om vinteren då rovfuglar og gjæser held til her. Om lag ein tredjedel av Texel er ein del av eit naturreservat, Duinen van Texel nasjonalpark.

Klima endre

Texel har eit maritimt klima (Köppen-klassifisering Cfb). Vintrar minnar om dei på fastlandet, men somrane er kjøligare. Den relative nærleiken til fastlandet gjer likevel at Texel kan ha varme temperaturar, og ein har målt temperaturar over 30° C her i fem månader av året. Øya har relativt mykje nedbør som typisk fell nokså jamt og moderat gjennom det meste av året, men det har ein tørrare periode seint på våren og ein periode med meir regn om hausten.

Vêrdata for Texel
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Høgast målte °C 13,7 14,9 20,5 27,9 31 31,7 34,6 33,8 32,6 24,8 17,7 15,3 34,6
Gjennomsnittleg maks °C 5,5 5,5 8,3 11,7 15,4 18 20,3 20,6 17,9 14 9,7 6,4 12,8
Gjennomsnittleg min °C 1,2 0,8 2,8 5 8,6 11,3 13,8 14 11,7 8,5 4,9 2 7,1
Lågast målte °C −18,8 −18,5 −14,5 −4,8 −2,1 1,5 5,2 5,6 3 −4,6 −10,8 −12,3 −18,8
Gjennomsnittleg nedbør mm 66,2 44,4 52,4 33,7 45 54,1 59,8 76,8 83,7 95,9 83,5 69,8 765,3
Gns. solskinstimar i månaden 64,1 91,1 134,8 194,2 235,2 219 228,2 208,2 148 114,2 63,1 51 1 751,1
Kjelde 1: [3]
Kjelde 2: [4]

Historie endre

 
Nederlanske skip ved Texel i 1671
 
HMS «Hero» forliser ved Haak Sands nær Texel 25. desember 1811
 
De Hors i Duinen van Texel nasjonalpark

På 1200-talet sat Ada av Holland som fange på Texel av onkelen sin, Willem I, greve av Holland.

Texel fekk byrettar i 1415.

Det har vore fleire slag i nærleiken av Texel, som slaget ved Scheveningen i 1653, under den første engelsk-nederlandske krigen og slaget ved Texel i 1673 under den tredje engelsk-nederlandske krigen. Dette sette stoppar for ein planlagd landgang i Nederland.[5]

På 1600-talet drog skip frå Amsterdam til koloniane både i Ostindia og Vestindia via Texel.[5]

Under den amerikanske sjølvstendekrigen blei Texel nytta som nødhamn av John Paul Jones etter slaget ved Flamborough Head utanfor kysten av Yorkshire i september 1779. Under slaget overvann og tok Jones det britiske skipet «Serapis», som han segla til Texel for å utføra sårt nødvendige reparasjonar. Denne hendinga gjorde tilhøva mellom Storbritannia og Nederlanda endå vanskelegare.

I 1797 var Texel involvert i slaget ved Kamperduin under dei franske revolusjonskrigane.

Under fyrste verdskrigen blei slaget av Texel utkjempa i 1914 mellom britiske marineskip og tyske torpedobåtar. Under andre verdskrigen fann Texel-katastrofen stad utanfor Texel 31. august 1940, då fleire britiske marineskip gjekk på miner. Fleire hundre blei drepne, skadde eller tekne til fange. Mot slutten av krigen braut det georgiske opprøret på Texel ut då den georgiske legionen i den tyske hæren gjorde opprør mot tyskarane. Nederlandske motstandsfolk støtta dei. Krigshandlingane bleie frå 5. april til 20. mai 1945, og var eit av dei siste europeiske slaga i verdskrigen.

Næringsliv og transport endre

Lammesal på Texel i 1954

Turistindustrien utgjer ein viktig del av næringslivet på Texel. Rundt 70 % av aktiviteten på Texel er på noko vis knytt til turisme. Hotellet Grand Hotel Opduin opna her i 1934. Populære turistaktivitetar er sykling, fotturar, symjing og riding.

Jordbruk og fiske er dei tradisjonelle næringsvegane på Texel. Ein dyrkar poteter, korn, sukkerroe og tulipanar, og held mjølkekyr og sau. Sauerasen texel har namn etter øya.

Fiske er ei anna tradisjonell inntektskjelde. Hamna i Oudeschild var sentrum for all sjøfart. I dag huser Oudeschild ein flåte på rundt tretti nordsjøkuttarar og nokre få mindre kotterar for rekefiske i Vadehavet. I tillegg har byen ein moderne marina. Ved byrjinga av 1900-talet blei også det nederlandske havinstituttet, Koninklijk Nederlands Instituut voor Onderzoek der Zee (NIOZ), etablert på øya.

Transport rundt på øya føregår typisk med sykkel, buss (Texelhopper) eller bil. Texel har eit velutvikla nettverk av sykkelruter. Ein kan koma til øya med ein kort ferjetur (Royal TESO) frå Den Helder, eller via lufta til Texel internasjonale lufthamn. Ferja Texelstroom bruker 80 % CNG (compressed natural gas).[6]

Kjende folk frå Texel endre

Idrett endre

Galleri endre

Kjelder endre

  1. Donaldson, Bruce C. (1983). Dutch: A Linguistic History of Holland and Belgium. Leiden: Martinus Nijhoff. s. 151. ISBN 9789024791668. 
  2. Ley, Willy (October 1961). «The Home-Made Land». For Your Information. Galaxy Science Fiction: 92–106. 
  3. «Klimaatatlas| KNMI». knmi.nl. Henta 8. mars 2015. 
  4. «www.weergegevens.nl». Henta 9. mars 2015. 
  5. 5,0 5,1 «Texel». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 18. mars 2022. 
  6. «Norske Umoe har levert verdens første trykktanker i kompositt til skip». Teknisk Ukeblad. 30 January 2017. Henta 31. januar 2017. 
  7. IMDb Database, henta 6. juli 2019

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Texel