Vokalharmoni er eit fonologisk fenomen som krev at alle vokalane innanfor eit domene, til dømes innanfor same ordform, skal vere av same slag. Til dømes kan det vera at begge vokalane må vera fremre eller bakre.[1] Vokalharmoni er eit døme på assimilasjon i fonologi, i dette høvet fjernassimilasjon.[1]

Nesten alle uralske og altaiske språk har vokalharmoni. I tillegg er fenomenet dokumentert i fleire bantuspråk, akanspråk, yokutsanspråk, maiduanspråk, utianspråk, coosanspråk, dusunspråk, nilotiske språk, og i enkeltspråka telugu, koreansk takelma, nez percé og coeur d'alene.

Omlyd, som ein finn i dei fleste nolevande germanske språka, er eit liknande fenomen. Andre språk har også konsonantharmoni, men det er mykje mindre vanleg på verdsbasis.

Typar av vokalharmoni endre

Det er to hovudtypar av vokalharmoni, velar vokalharmoni og labial vokalharmoni.

Velar vokalharmoni endre

 
Finsk velar vokalharmoni, fremre, nøytrale og bakre vokalar

I velar vokalharmoni kan alle vokalane vere berre fremre eller berre bakre. Eit døme på eit slikt system er finsk. Her kan ordet ha dei bakre vokalane /a, o, u/, som i kalu «reiskap; penis» eller dei fremre vokalane /ä, ö, y/, som i käly «ektefelles søster; brors kone, ektefelles brors kone», men ikkje begge delar. *kaly og *kälu er dermed umoglege finske ord. Merk at vokalane /i, e/ i finsk er nøytrale, og kan opptre i lag med bakre vokalar (som i Suomi «Finland»), men ord med berre nøytrale vokalar i stammen krev fremre vokalar i suffiksa, dvs. vi har tili «konto», og tilillä (men ikkje *tililla) «på kontoen».

På grunn av dette kan finsktalarar ha problem med å uttala utanlandske ord som ikkje har vokalharmoni. «Olympia» blir til dømes «olumpia», medan lånord kan takast inn på ulike vis, anten ustandardisert (som chattailla/chättäillä), eller utan vokalharmoni (som polymeeri, autoritäärinen).

Labial vokalharmoni endre

I labial vokalharmoni kan alle vokalane vere berre runda eller berre urunda.

Blanda system endre

Det finst også blanda system, som tyrkisk. I rota må vokalane harmonere både etter aksen fremre/bakre og etter aksen runda/urunda.


Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Simonsen, Hanne Gram (19. oktober 2022). «vokalharmoni». Store norske leksikon (på norsk). 
  Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.